Smart betaling

Spar pengar med eFaktura

Kundar som vel eFaktura frå Lånekassen slipp å betale varslingsgebyret på 35 kroner. I tillegg til å spare pengar, sparar du miljøet. Les meir om korleis du får eFaktura

Søk om betalingsutsetjing

Dersom du ikkje kan betale regninga, kan du søkje om betalingsutsetjing på Dine sider. Du treng ikkje nokon særskild grunn til å søkje om betalingsutsetjing, men ver oppmerksom på at rentene løper på lånet. Bruk derfor moglegheita med fornuft. Les meir om betalingsutsetjing

Månadleg nedbetaling

Forfallet er kvart kvartal, men du kan gjerne betale kvar månad. Du må dele terminbeløpet i tre, og passe på at heile summen er betalt innan fristen.

Du må altså betale maiterminen med ein tredjedel i mars, ein tredjedel i april og ein tredjedel i mai, for å kome i mål til betalingsfristen 15. mai.  Du kan anten bruke nettbank eller telegiro eller bestille ekstra giroar frå  Kassafonen eller Dine Sider.

Les meir om tilbakebetaling