|
Lars
Christensen finansierte ein ekspedisjon til Antarktis i 1936-37. Ekspedisjonen
fotograferte store område ifrå lufta. Sør-Rondane og dei austlege kystområda
i Dronning Maud Land vart kartlagde basert på desse flybileta. Ti kart som dekker
delar av den australske sektoren vart òg konstruerte frå desse fotografia. Dette
arbeidet vart for ein stor del drive fram av kaptein H. E. Hansen. Eit nytt
og betre kart over Sør-Rondane i målestokk 1:250000 vart konstruert frå flybilete
tekne under operasjon "Highjump" i regi av den amerikanske marinen
i 1946-47.
Systematisk og moderne
kartlegging tok til med den norsk-britisk-svenske Antarktis-ekspedisjonen i
1949-52. Omfattande flyfotografering og trianguleringsarbeid resulterte i åtte
kartblad i målestokk 1: 250000. Karta dekker fjellområda på Maudheimsvidda mellom
6°V og 3°A. To kartblad over Vestfjella og to over Heimefrontfjella har òg vorte
konstruert frå desse flybileta. Feltarbeidet som ligg til grunn er gjort av
nordmenn og britar.
Under den norske
Antarktis-ekspedisjonen 1956-60 vart kartleggingsområdet utvida austover. Feltarbeid
i Fimbulheimen og nye flyfoto austover til Sør-Rondane har til no resultert
i tolv kartblad over Fimbulheimen. I tillegg har åtte kartblad over Sør-Rondane
vorte konstruert basert på belgisk feltarbid. Med desse karta i målestokk 1:250000
er den første fullstendige kartlegginga av fjellområda i Dronning Maud Land
til 30°A fullført.
|