|
Store delar av Svalbard
var allereie kartlagt før Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NISU) vart
skipa i 1928. Nye og betre metodar, samt eit uttalt ønske ifrå gruveindustrien
gjorde det aktuelt å utarbeide kart av betre kvalitet.
Sommaren 1936 vart
store delar av Svalbard fotografert frå fly ved hjelp av eit skråstilt kamera.
Det same året kjøpte NSIU ein Zeiss Stereoplanigraf for å nytte desse bileta
i kartproduksjon. Gamle kart vart gradvis erstatta av nye. Til midten av 1950-åra
bruka NP skråbilete for å konstruere kart, men frå 1960 vart berre vertikalbilete
nytta. Dette gav kart av ein endå betre kvalitet. Eit nytt instrument for produksjonen
av kart, ein Wild A7 autograf, vart kjøpt inn i 1968. Då var store delar av
Svalbard fotografert i biletmålestokk 1:30000 til 1:50000.
I 1990 var bortimot
heile Svalbard dekt av flybilete i biletmålestokk 1:50000. I tillegg er nokre
område dekt i skala 1:15000. Ein digital fotogrammetrisk arbeidsstasjon vart
kjøpt inn i 1993.
Nøyaktige grunnlagspunkt
er naudsynt for produksjon av kart. Det trigonometriske nettverket på Svalbard
har ei lang historie. I byrjinga vart punkta fastlagde ved triangulering etter
klassiske metodar. Det vart nytta teodolittar og etterkvart avstandsmålarar.
I dag vert nye punkt bestemt ved hjelp av GPS-målingar. Det trigonometriske
nettet inneheld over 1000 punkt, og for einkvar stad på Svalbard kan ein bestemme
ein eintydig koordinat i samme system. Tidevatnsmålingar har ein sentral plass
i geodesien. Det er slik ein får fastlagt høgdene på dei trigonometriske punkta.
Målingar for å slå fast den magnetiske misvisninga er òg ein del av geodesiarbeidet.
Tidlegare vart kart
teikna for hand, med penn og blekk. Frå 1965 vart alle nye kart rissa på lagdelte,
målholdige foliar som danna grunnlaget for produksjonen av trykkfilmar. I siste
del av 1980-tallet vart digitale teknikkar tekne i bruk i det kartografiske
arbeidet. Gamle foilar vart digitaliserte og konstruksjonsutstyret vart modifisert
og tilpassa digital kartproduksjon. Kraftigare datamaskiner og ny programvare
gjer at vi no kan produsere kart raskare enn før. Det er likevel eit omfattande
arbeid å etablere og halde ved like digitale kart-databaser. Ved hjelp av geografiske
informasjonssystem (GIS) kan vi no lagre, halde ved like og utnytte kart-data
på ein særs effektiv måte.
Undersøkingane og
kartlegginga av farvatna rundt Svalbard tok til i 1906/07 i Raudfjorden og Krossfjorden.
Allereie frå starten var hydrografiske undersøkingar ein viktig del av feltarbeidet
om somrane. I 1928-32 vart farvatnet rundt Bjørnøya opplodda. Området utanfor
Aust-Grønland vart opplodda i samband med ekspedisjonane dit på byrjinga av
1930-talet. Frå 1937 og til starten på 2. verdskrigen gjennomførte NSIU stadig
meir moderne og systematisk opplodding. Dette arbeidet vart teke opp att i 1947.
I 1963 tok Norsk Polarinstitutt i bruk eit elektronisk system (Hi-Fix) som gjorde
det mogleg å slå fast nøyaktige posisjonar uavhengig av veret, og eit eige fartøy
vart innleigd for å gjere opplodding. Eit nytt system for posisjonsmålingar
(Motorola) vart kjøpt inn i 1972.
I 1984 vart ansvaret
for sjøkartlegging overført til Statens Kartverk. Svalbard er eit stort område
og det er enno store område kor det ikkje fins sjøkart.
|