|
Ph.d.-studiet - opplæringsdelen (8000-emne)
Avdelingane (fakulteta/NFH) sine emne i opplæringsdelen av ph.d.-studiet - 8000-emna - vert annonserte ved avdelingane og/eller på avdelingane sine heimesider. Dei står også i universitetet sin emnekatalog.
I ph.d.-forskrifta § 9 Opptak til emne i opplæringsdelen, er det sett opp som minimumskrav for opptak at ein fyller dei formelle utdanningskrava for opptak til ph.d.-studiet. Det går elles fram av beskrivinga av kvart enkelt emne om det er særlege opptakskrav for det emnet.
Rangering/prioritering av søkarar skjer ved fakultetet. Dersom det er fleire påmelde enn plassar på eit emne, vert søkarane prioritert i rekkefølgja kategori 1 til 4. (forskrifta § 9):
Kategori 1:
Ph.d.-studentar ved UiT.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 2:
Personar som er tilsett i stipendiatstilling ved UiT,
men som enno ikkje er tatt opp på ph.d.-program.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 3:
Doktorgradsstudentar frå andre universitet.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 4:
Personer med minimum mastergrad eller tilsvarande, som ikkje er tatt opp på ph.d.-program.
Deltakarar i denne kategorien må ha betalt semesteravgift (og eventuell kursavgift) ved UiT.
Påmelding/søknad om opptak til 8000-emneHer ligg søknadsskjema på bokmål, på nynorsk og på engelsk. Send søknaden til: det aktuelle fakultetet/NFH, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
|