|
Administrering av PhD-emne (8000-emne)
Dei enkelte avdelingane (fakultet/NFH) ved UiTø tilbyr PhD-emne. Dei vert annonserte ved avdelingane og/eller på avdelingane sine heimesider.
I PhD-forskrifta § 9 om opptak til emne i opplæringsdelen, er det spesifisert at desse kategoriane studentar kan følgja PhD-emne ved UiTø:
Kategori 1:
PhD-studentar ved UiTø.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 2:
Personer som er tilsett i stipendiatstilling ved UiTø,
men som enno ikkje er tatt opp på PhD-program.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 3:
Doktorgradsstudentar frå andre universitet.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 4:
Personer med minimum mastergrad eller tilsvarande, som ikkje er tatt opp på PhD-program.
Deltakarar i denne kategorien må ha betalt semesteravgift (og eventuell kursavgift) ved UiTø.
Påmelding/søknad om opptak til PhD-emneStudentar i alle kategoriar (1-4) må fylla ut dette skjemaet, som finst på bokmål, på nynorsk og på engelsk. Der er det og presisert kva krav som gjeld for dokumentasjon av kvalifikasjonar. Søknad om plass på PhD-emne skal sendast til det aktuelle fakultetet/NFH, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Prioritering av søkarar til PhD-emneDersom det er fleire påmelde enn plassar på eit PhD-emne, vert søkarane prioritert i rekkefølgja kategori 1 til 4. Rangering/prioritering av søkarar skjer på fakultetsnivå.
For forskningsadministratorar Denne informasjonen er først og fremst relevant for forskningsadministratorar ved fakulteta/NFH.
Her ligg oppdaterte retningslinjer for administrering av PhD-emne ved UiTø. Retningslinjene gjeld registrering av emnedeltakarar i FS, krav som skal stillast til studenter m.o.t. dokumentering av kvalifikasjonar og retningslinjer for saksgang og fristar.
Her ligg også skjema for registrering av data om PhD-emne i FS.
|