|
 |
| Hege Brækhus kan no kalle seg professor ved Det juridiske fakultet. Foto: Randi M. Solhaug |
Det er ikkje ofte UiTø får fleire nye kvinnelege professorar på ein gong, men det skjedde i Universitetsstyret sitt tilsetjingsutval 22. september 2005. Da vart Hege Brækhus tilsett som professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet.
I tillegg vart Annette Bauer-Brandl tilsett som professor i lækjemiddelteknologi/ fysikalsk farmasi ved Institutt for farmasi, Det medisinske fakultet.
 |
| Annette Bauer-Brandl er ein av dei nye professorane ved Universitetet i Tromsø. Arkivfoto: Randi M. Solhaug |
Sjølv om ho visste at ho var den einaste kvalifiserte til professoratet, vart ho litt overraska.
– Men det er ei flott tilbakemelding og morosamt at fagfolk set pris på ein. For meg var det også litt viktig at eg vart professor i fysikalsk farmasi, fordi det skildrar best det eg driv på med forskingsmessig, seier Annette Bauer-Brandl, som har vore tilsett ved universitetet i åtte år.
 |
| Åshild Fredriksen vart professor i sommar. Foto: Institutt for fysikk |
I sommar vart óg Åshild Fredriksen professor i fysikk ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Ho søkte om regulært opprykk i 2003, men fekk svar fyrst to år seinare.
Relaterte artiklar:
– Vi har fått det til
Vil øke kvinneandelen
Katastrofe for likestillingen ved UiTø?
Trekker tilbake kvinnestillinger
Kaller kvinner til toppstillinger
Slutt på kvinneprofessorater
Besværlig likestillingspolitikk?
|