Fødselsnummer ved registrering av kontantabonnement

print
(25.10.2006) Gunnel Helmers 

Post- og teletilsynet har bedt mobiltilbydarane om å krevje fødselsnummer ved registrering av kontantkortkundar. Argumentasjonen for kravet ligg i at det skal vere vanskelegare å opprette eit mobilabonnement i ein annan person sitt namn.

- Norske borgarar skal berre gi opplysningar om namn, adresse og fødselsnummer, mens utanlandske borgarar må legitimere seg, krev Post- og teletilsynet.

For norske borgarar vil det etterpå gå eit brev til folkeregistrert adresse om at det er oppretta eit nytt kontantabonnement.

Post- og teletilsynet bad Datatilsynet vurdere framgangsmåten før kravet blei stilt til leverandørane. Datatilsynet gav i utsegna si uttrykk for sterk tvil om at registrering av fødselsnummer kan hindre slike tilfelle.

Datatilsynet viste til at det er relativt enkelt å skaffe seg andre personar sine fødselsnummer, og tilsynet meinte derfor at pliktig registrering ikkje garanterer at kravet om eintydig identifikasjon i e-komforskrifta er oppfylt .

Datatilsynet gav også uttrykk for tvil når det gjeld ”tryggingsmekanismen” for norske borgarar ved at melding om det nye abonnementet blir sendt til folkeregistrert adresse. Det er svært enkelt å melde flytting til Folkeregisteret – ein treng også her berre gi opplysningar om namn, adresse og fødselsnummer.

Datatilsynet gjorde i brevet Post- og teletilsynet spesielt oppmerksam på at Økokrim tidlegare har lista opp fleire tilfelle av identitetstjuveri som starta med at den folkeregistrerte adressa blei endra.

- Les brevet frå Datatilsynet til Post- og teletilsynet (pdf, nytt vindauge)
- Les brevet sendt frå Post- og teletilsynet til teletilbydarane (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy