Fødselsnummer på ID- eller adgangskort

print
(02.11.2004) Redaksjonen 

Etter Datatilsynet si oppfatning er det svært sjeldan sakleg behov for å ha fødselsnummer (11 siffer) påtrykt eit ID-kort eller adgangskort.


Når identiteten eller autorisasjonane til kortinnehavaren skal sjekkast, er det normalt tilstrekkeleg med manuell kontroll av bilete og namn, automatisk kontroll av magnetstripe, smartkort eller liknande. Eit kort påtrykt fødselsnummeret gir lita grad av tryggleik, og er upraktisk i forhold til visuell kontroll av identitet eller autorisasjonar. Datatilsynet meiner at fødselsdatoen må vere tilstrekkeleg i dei aller fleste tilfelle.

Fødselsnummeret er ikkje legitimasjon
Å ha eit fødselsnummer skal i seg sjølv ikkje gi tilgang til andre personopplysingar. Om uvedkommande får kunnskap om fødselsnummeret, kan det gjere det enklare å finne att systematisk informasjon om den enkelte. Dette knyter seg blant anna til adgangskort som skal berast synleg, men gjeld også i andre samanhengar.

Skal berre brukast ved sakleg behov
Personopplysingslova, § 12, fastset at fødselsnummer og andre eintydige identifikasjonsmiddel berre kan nyttast når det er sakleg behov for sikker identifisering, og metoden er naudsynleg for å oppnå sikker identifisering.

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy