|
(13.11.2006) Gunnel Helmers
|
- Det er for enkelt å melde adresseendring til Posten, seier Georg Apenes, direktør i Datatilsynet. Tilsynet meiner det er rimeleg å føresetje ei innstramming inntil betre varige løysingar er på plass.
Posten tilbyr ei teneste på Internett der ein kan melde frå når ein skal flytte eller av andre grunnar skal få ny postadresse. Tenesta er open, og har inga reell pålogging som sikrar at ein berre kan endre si eiga adresse. Andre personar kan også melde adresseendring så sant dei har nokre enkle opplysningar om ein av personane som bur på adressa. Ingen av opplysningane ein må oppgi er spesielt vanskelege å få tak i for andre menneske.
Datatilsynet meiner risikobiletet har endra seg, og at det no må gjerast tiltak for å hindre at uvedkomande får melde adresseendring. Den seinare tida har Datatilsynet registrert ei rekkje tilfelle der identiteten til enkeltpersonar har blitt misbrukt. Mange av desse sakene har starta med at nokon har omadressert post, og så bestilt varer, tenester, kredittkort og liknande i den andre personen sitt namn. Det har i praksis vist seg vanskeleg for desse personane å få tilbake kontrollen over eigne opplysningar igjen etter desse identitetstjuveria.
Inntil ein har funne betre varige løysingar meiner tilsynet at ein i ein overgangsfase må krevje legitimasjon frå den som melder adresseendring.
Datatilsynet går gjerne i dialog med Posten for å finne gode løysingar.