Britisk rapport om overvakingssamfunnet

print
(13.12.2006) Gunnel Helmers 

I samband med ein stor personvernkonferanse i London i november blei rapporten "A Report on the surveillance society" publisert.

Rapporten er skriven av ei forskargruppe på oppdrag frå Storbritannias Datatilsyn, The Information Commissioner, og gjennomgår svært mange forskjellige faktorar i dagens overvaking.

Forskarane trekkjer fram scenarier frå 2006, med tilsvarande framtidsvisjonar for 2016.

Publiseringa fann stad i samband med den 28. internasjonale datatilsynskonferansen som blei gjennomførd i London 1. og 2. november 2006.

- Vi lever i eit overvakingssamfunn, konkluderer forskargruppa.
I alle rike land møter ein overvakingstiltak kvar dag, fleire gonger om dagen.
Forskargruppa meiner ein bør forstå overvaking som eit moderne fenomen, og unngå to vanlege feller: Tanken på overvaking som ledd i vondskapsfulle planar klekt ut av vonde makter, og tanken på overvaking som det eit reint produkt av nye teknologiar.

Overvaking har to sider, og både fordeler og ulemper må erkjennast, meiner forskargruppa. Sjølv om overvakinga skjer i tenesta til det gode, er det framleis overvaking - som kan endre moglegheitene til makthavarane både i ønsket og i uønskt retning.

Til grunn for vårt nye overvakingssamfunn ligg føresetnaden om at vi ikkje kan stolast på, seier forskargruppa.

Les rapporten her (pdf, engelsk, nytt vindauge)

Les dokumentet som blei utforma som debattnotat  (pdf, engelsk, nytt vindauge) 

Les meir om rapporten A Surveillance Society her (engelsk, nytt vindauge)

Andre uttalelser fra konferansen:

Conference closing communiqué (pdf, nytt vindu)

Communicating Data Protection and Making It More Effective (pdf, nytt vindu) 

 

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy