Eurobarometer: Europearane vil bli informert

print
(07.05.2007) Gunnel Helmers 

Dei aller fleste EU-borgarar ønskjer å få informasjon om det dersom deira eigne personopplysningar blir endra, mista eller stole. Dette går fram av ei fersk Eurobarometer-undersøking.

64 % av EU-borgarane vil ha informasjon også om dei ikkje risikerer økonomiske konsekvensar. 14 % seier at dei berre vil informerast dersom dei kan tape pengar på at personopplysningane er på avvegar.

Berre 12% seier at dei uansett ikkje vil ha slik informasjon.

Danskar, svenskar og finlendarar og maltesarar vil i størst grad ha informasjon. Meir enn fire av fem vil ha informasjon uansett økonomiske konsekvensar.

I den andre enden av skalaen finn ein ungararar og austerrikarar. Her vil om lag ein av fire ikkje ha informasjon.

Gå til Eurobarometer-undersøkinga E-communications Household Survey - Special Eurobarometer 274 (pdf, nytt vindauge, engelsk)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy