Innsyn i elevlister

print
(08.05.2007) Gunnel Helmers 

Datatilsynet får mange spørsmål om innsyn i elevlister. Spørsmåla er ofte knytte til friskulane sitt ønske om å kunne kontakte elevar i ungdomsskuletrinnet med informasjon om forskjellige skuletilbod.


Kunnskapsdepartementet meiner at den einskilde skulen sjølv må ta stilling til om elevlistene blir omfatta av offentleglova sine reglar om innsyn og meiroffentlegheit. Datatilsynet meiner dette standpunktet er lite tilfredsstillande.

Datatilsynet er av den oppfatninga at lister over elevar ved offentlege skular ikkje skal vere offentlege saksdokument. Datatilsynet har med heimel i personopplysningslova oppfordra til varsemd med omsyn til utlevering av elevlister og andre opplysningar om elevar i skulen.

Omsynet til elevane sin alder har vore vektlagt i vurderinga. Ein kan ikkje sjå bort frå at ei utlevering av elevlister kan ha som følgje at barn ned til seks års alder vil oppleve ein uønskt pågang frå personar som ikkje vil barna sin beste.

Barn har rett og plikt til skulegang, uavhengig om dei bur på hemmeleg adresse, eller ønskjer diskresjon rundt kontaktopplysningane av andre grunnar. Elevlistene kan også vise sosiale forhold, om foreldra bur saman eller kvar for seg, eller at eleven bur på ein ungdoms- eller barneheim.

Om skulen gir innsyn etter å ha vurdert meiroffentlegheit, skal den ta omsyn til personvernet. Datatilsynet meiner det er naturleg å leggje særleg vekt på alder, kva opplysningane skal brukast til, og kven som skal få opplysningane. Tilsynet meiner også det vil vere naturleg at elevane har høve til å reservere seg mot utlevering av personopplysningane sine. For barn i dei lågaste trinnet i grunnskulen, og der eleven har reservert seg, vil hovudregelen etter Datatilsynets meining vere at opplysningane ikkje blir utleverte.

Datatilsynet har bedt Justisdepartementets lovavdeling melde frå om dei er ueinige i Datatilsynets standpunkt, og peikt på at denne problemstillinga bør vere med i vurderinga når dei no arbeider med forskrifter til den nye offentleglova.

Les brevet til lovavdelinga (pdf, nytt vindauge)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy