Melde eller søke konsesjon?

print
(15.11.2004) Redaksjonen 

Behandling av personopplysningar er etter hovudregelen meldepliktig, medan behandling av sensitive opplysningar er konsesjonspliktig. Det er imidlertid nokre unnatak. Meldingar og konsesjonssøknader sendast Datatilsynet eller til personvernombodet.


Datatilsynet har laga eigne informasjonssider tilpassa kameraovervaking, helsetenesten, kommuner, helseforvaltninga og forsking. Peikarar til desse sidene ligg i menyen til venstre.

Meldeplikt


Dei behandlingsansvarlege si meldeplikt er regulert i personopplysningslova § 31. Meldeplikta inneber at den som ønskjer å bruke personopplysningar, skal orientere Datatilsynet før behandlinga blir starta. Meldinga skal sendast til Datatilsynet seinast 30 dagar før behandlinga tek til. Verksemder som har personvernombod skal sende melding til ombodet. Personvernombodet har ei liste over meldepliktig bruk av personopplysningar innan verksemda si.

Meldinga er berre ei orientering frå den behandlingsansvarlege til Datatilsynet, og vert ikkje godkjend av Datatilsynet. Datatilsynet kan på grunnlag av meldinga setje i verk tiltak. Meldinga skal også tene som grunnlag for å gi regelinformasjon og hjelpe til å betre kunnskapsnivået om personopplysningsloven hos den meldepliktige. Meldingane vil utgjere ein vesentleg del av Datatilsynets kunnskapsbase, og gi grunnlag for prioriteringar av arbeidsoppgåver, da særleg i forhold til kontroll og rettleiing. Meldingane er offentleg tilgjengelege via Datatilsynet heimesider.

Kven har meldeplikt?
Hovudregelen er at følgjande behandlingar av personopplysningar er meldepliktige:

  • Ikkje-sensitive personopplysningar som blir behandla med elektroniske hjelpemiddel.
  • Sensitive personopplysningar som skal førast i eit manuelt register.

Her følgjer nokre eksempel på meldepliktig bruk av personopplysningar:

Unntak frå meldeplikt
Behandlingar berre for kunstnariske, litterære eller journalistiske formål er unntatt frå personopplysningslova. Nokre andre behandlingar er unntatt meldeplikt i kapittel 7 i forskrifta, om vilkåra i forskrifta er oppfylt. Dette gjeld mellom anna:

  • Kunde-, abonnent- og leverandøropplysningar
  • Opplysningar om boligforhold 
  • Aksjebok
  • Protokollføring av mekling
  • Aktivitetsloggar i edb-system eller datanett
  • Når verksemda har eit personvernombod Datatilsynet har godkjent, skal meldinga sendast til ombodet, og ikkje til Datatilsynet.

Les meir om unntak og vilkår i forskrifta til personopplysningslova, kapittel 7 (nytt vindauge).

Korleis skal verksemda melde?
Verksemda skal melde via Datatilsynets heimesider eller på eit eiget skjema. Om verksemda melder elektronisk, vert meldinga raskare registrert, og behandlinga kan starte før. Om verksemda har personvernombod, skal meldinga sendast dit.
Her finn du meldeskjema

Når må det sendast ny melding?
Etter tre år skal det alltid sendast ny melding. Meldingar skal vere knytte til den enkelte behandlinga. Einkvar behandling knytast til ein behandlingsansvarleg, og skal baserast på eit førehandsdefinert formål. Dette inneber at det alltid må sendast inn ei ny melding når behandlinga får ny behandlingsansvarleg. I tillegg må det alltid sendast ny melding når formålet med behandlinga vert endra. Når må det sendast endringsmelding?

 

Konsesjonsplikt

Konsesjonsplikta gjeld i all hovudsak ved behandling av sensitive personopplysningar. Sensitive personopplysningar er blant anna opplysningar om helse, rase, tru, politisk tilhørsel, straffbare handlingar og seksuelle forhold (Sjå personopplysningsloven § 2 nr.. 8. for ei uttømmande liste)

Dei behandlingsansvarlege si konsesjonsplikt er regulert i personopplysningsloven § 33.

Datatilsynet kan krevje at verksemda søkjer om konsesjon
Datatilsynet kan avgjere at også behandlingar av anna enn sensitive personopplysningar skal vere konsesjonspliktige. Det er ein føresetnad at behandlinga elles openbert vil krenkje tungtvegande personverninteresser. Dette skal berre brukast i ekstraordinære tilfelle. Ved vurderinga skal Datatilsynet blant anna ta omsyn til personopplysningane sin art, mengd og formålet med behandlingen. (Personopplysningsloven § 33, 2. ledd)

Vurdering frå Datatilsynet
Den behandlingsansvarlege har rett til, på førehand, å få avklart frå Datatilsynet om behandlinga vil krevje konsesjon. Avklaring av om konsesjon er nødvendig tyder ikkje at konsesjon vil bli gitt. (Personopplysningsloven § 33, 3. ledd)

Konsesjon
Datatilsynet skal avgjere om konsesjon skal giast. Det skal ved vurderinga klarleggjast om behandlinga vil valde ulemper som ikkje blir avhjelpte av loven sin andre føresegner. I så fall skal Datatilsynet vurdere om ulempene den enkelte blir påført blir utlikna av omsyn som taler for behandlingen. (Personopplysningsloven § 34)

I konsesjonsbehandlinga skal Datatilsynet vurdere om det skal settast vilkår for behandlinga. Vilkår i konsesjonen kan settast når det er nødvendig for å avgrense ulempene behandlinga elles medføre for den registrerte. (Personopplysningsloven § 35)

Unntak frå konsesjonsplikta
Det er fleire unntak frå konsesjonsplikta. Dei fleste av desse unntaka følgjer av forskrifta til personopplysningslova, kapittel 7, og eventuell særlovgiving. Vidare er behandlingar berre for kunstnariske, litterære eller journalistiske formål unntatt konsesjonsplikt.

I forskrifta til personopplysningslova er desse behandlingane unntatt frå både konsesjons- og meldeplikt om dei oppfyller bestemde vilkår:

  • Sensitive kundeopplysningar
  • Foreningers medlemsopplysningar
  • Personellregistre
  • Domstolanes behandling av personopplysningar
  • Elev- og studentopplysningar ved skole og universitet mv.
  • Opplysningar om barn i barnehagar og skolefritidsordningar

Desse behandlingane er i forskrifta unnatatt konsesjonsplikt, men skal melde. Ver merksam på at det finst vilkår for unnataka:

  • Klientregistre
  • Hvitvaskingsregistre og tilknyttet behandling av personopplysninger
  • Behandling av pasientopplysninger hos helse- og sosialpersonell
  • Nokre forskningsprosjekter

Les meir om unntak og vilkår i forskrifta til personopplysningslova, kapittel 7 (nytt vindauge).

Stat og kommune
Behandling av personopplysningar i organ for stat eller kommune er unnateke konsesjonsplikta når behandlinga har heimel i eigen lov, sjå personopplysningsloven § 33, 4. ledd. Denne typen behandlingar av personopplysningar vil likevel vere meldepliktig etter § 31.

Les meir: Datatilsynets informasjon spesielt retta mot kommunane

Ubedde sensitive opplysningar
Behandling av sensitive opplysningar som er gitt ubedd, er unnateke konsesjonsplikt. Når ein vurderer om opplysningane er gitte ubedd, må ein også sjå på situasjonen dei er gitte under. Dersom systemet eller situasjonen legg opp til at opplysningane skal giast, blir dei ikkje gitt ubedd.

Konsesjonsskjema
Her finn du konsesjonskjema og rettleiing

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy