Elektronisk arkiv- og saksbehandling
Servicesenteret for departementa (SSD) har stått i spissen for å utvikle eit felles system for elektronisk arkiv og saksbehandling i departementsfellesskapet.
Dei fleste departementa i Regjeringskvartalet har innført eit system for elektronisk dokumentflyt, saksbehandling og arkiv. Innføringa har gjeve ei rekke positive effektar, ikkje minst ein raskare og meir presis dokumentflyt internt.
Gjennom ein godt utbygd søkefunksjon er saksdokument og informasjon lett tilgjengeleg i systemet. Systemet gjev også god oversikt over kor dokumenta er i saksbehandlinga. Merknader og rettingar er lette å sjå, og gjenbruk av dokument har vorte enklare.
Det er oppretta eit eige kompetansesenter i SSD som tilbyr leiarar og saksbehandlarar i departementa kurs og opplæring etter behov. Eit eige IT-driftsmiljø i SSD er ein føresetnad for å kunne tilby brukarane eit godt tilgjengelig system som er stabilt og sikkert.
Felles satsing i departementsfellesskapet har gjeve markant innsparing for staten, både når det gjeld utviklingskostnader, driftsutgifter og personellressursar.
Elektroniske signaturar (PKI)
Med utgangspunkt i politiske føringar om auka elektronisk samhandling og PKI i det offentlege, vil SSD utvikle vidare systemløysinga i nært samarbeid med departementa og aktuelle leverandørar.