Miljø
Vi tilbyr departementa og Statsministerens kontor (SMK) ei rekkje fellestenester innan miljø og trivsel .
Miljø har vore på agendaen til SSD i mange år, men med prosjekt Grøn Stat (GS), der SSD var ei av ti statlege verksemder, så byrja miljø for alvor bli eit satsingsområde. I forlenginga av prosjekt GS, er alle statlege etatar og verksemder bedt om å innføre miljøstyring som ein del av sitt generelle styringssystem, eit arbeide som i SSD er tenkt sluttført før nyttår.
Dømer på miljøtiltak i SSD:
- miljøstasjon i kjellaren for om lag 10 av dei mest vanlege avfallsfraksjonane
- innsamling av restavfall, papp&papir og drikkekartong i departementa,
- bruk av elbil til postdistribusjon i Oslo sentrum
- svanemerking av ”Hustrykkeriet” for SMK og departementa
- bruk av eiga heimeside som informasjonskanal (reduserer mengda papirbasert informasjon og tilhøyrande transport og porto) ,
- moderne videokonferansefasilitetar og –tenester (reduserer talet på tenestereiser),
- framforhandling av felles innkjøpsavtaler (med miljøkrav)
Arbeidsmiljøet er viktig for trivselen og SSD fremjer dette gjennom reinhaldsavdelinga (REM), som tilbyr godt og effektivt reinhald med miljøvennlege reingjeringsmiddel. Rens av gardiner og utplassering og stell av plantar i fellesareal, er andre tenester som aukar trivselen.
Bedriftshelsetenesta (BHT) tilbyr arbeidsmiljø- og helsefagleg kompetanse for å hjelpe tilsette, leiarar, arbeidsmiljøutval og verneombud i deira arbeid med å skape sunne og trygge arbeidsforhold.
Les mer: Grønn Stat