Statsbudsjettet


Tilrettelegging for produksjon av Statsbudsjettet er ei fast oppgåve for Servicesenteret for departementa (SSD) kvar haust

Statsbudsjettet (St.prp. nr 1) er det fyrste forslaget regjeringa presenterer for Stortinget ved den offisielle opninga i byrjinga av oktober kvart år. St.prp. nr 1 inneheld over 20 publikasjonar, og budsjettforslaget er oppsummert i Gul bok. Departementa har ansvar for kvar sin fagproposisjon.

Budsjettarbeidet i departementa er ein omfattande prosess, støtta av eit eige sakshandsamingsverktøy som SSD utviklar og driftar for departementa. Verktøyet består av ein database for talhandsaming med malar knytta til, for innskriving av forslaget til statsbudsjett.

SSD har ansvar for:

  • Produksjon og styring frå manus til ferdig publikasjon
  • Tilrettelegging for publisering i ulike format (RTF, PDF, HTML)
  • Datafangst og kvalitetssikring av forma til dokumenta 
  • Produksjon i samarbeid med eit utval av trykkeri 
  • Offentleggjering på papir og elektronisk (Regjeringen.no) 
  • Distribusjon til offentlege verksemder på vegne av departementa
  • Langtidslagring i elektronisk form (XML-format)

SSD tilbyr opplæring og brukarstøtte på systemløysinga til tilsette i departementa, og sørgjer for ekstra vaktteneste i produksjonsfasen (som regel i perioden august og september).

SSD ivaretar krava i Sikkerhetsloven, med vekt på forskrift om informasjonstryggleik.