Kva er statsbudsjettet?


Statsbudsjettet er det fyrste forslaget regjeringa presenterer for Stortinget når Stortinget opnar i byrjinga av oktober.

Difor heiter forslaget til statsbudsjett alltid Stortingsproposisjon nummer 1 (St.prp. nr 1). Eit vedteke statsbudsjett etter stortingsforhandlingane vil så vere klart i løpet av haustsesjonen. St.prp. nr 1 inneheld over 20 publikasjonar. Budsjettforslaget er oppsummert i Gul bok (Finansdepartementet), samstundes som dei 17 fagdepartementa har kvar sin fagproposisjon/fagprp.

 I tillegg kjem Odelstingsproposisjon nummer 1 (Ot.prp. nr. 1) med forslag til lovendringar som fylgje av budsjettforslaget, ”Skatter,avgifter og tollvedtak” og Stortingsmelding nummer 1(St.meld. nr. 1): Nasjonalbudsjettet.

Svalbardbudsjettet kjem òg som eigen publikasjon.
 I november kjem tillegga til komande års budsjett nummerert som tillegg 1 og oppover til St.prp. nr. 1.


Samanheng med andre dokument i resten av sesjonen
Dei andre sakene frå regjeringa til Stortinget, som vert kalla stortings- og odelstingsproposisjonar (lovsaker), fylgjer nummereringa som opnar med forslaget til statsbudsjett.

Servicesenteret til departementa (SSD)har på vegne av Statsministerens kontor ansvaret for produksjon og publisering av desse sakene, i tillegg til Stortingsmeldingar og Noregs offentlige utgreiingar (NOU).