Budsjettarbeidet i departementa


....ein syklisk prosess støtta av Budmod
Servicesenteret for departementa (SSD) yter tenesten Budmod for å støtte departementa sine sykliske budsjettførebuingar, blant anna gjennom ressursar tilknytt Fagprp-prosjektet

Budmod
Budmod er eit saksbehandlingssverktøy som er ein database for talbehandling og malar knytta til, for innskriving av forslaget til statsbudsjett.
Budmod kan installerast lokalt i det enkelte departement, eller som ei sentralisert teneste via Depnett/B (gradert nett). Alle departementa brukar Budmod.

Prosjektorganisering og rollefordeling
Aktivitetane som er knytt til tenesten Budmod er organisert gjennom prosjekt Fagprp. Alle departement har minst to personar som er knytt til prosjektet, og koordinerer arbeidet internt: ein frå IT og ein frå budsjett.

Prosjekt Fagprp organiserer ei rekkje aktivitetar knytt til Budmod, blant anna:

  • Opplæring
  • Brukarstøtte
  • Ekstra vakthald i produksjonsfasen
  • Drift, vedlikehald og vidareutvikling av tekniske løysingar
  • Oppfylgjing av sikkerhetsloven, med vekt på forskrift om informasjonstryggleik
  • Brukarkontakt og -medverking, blant anna via etablert brukargruppe og brukarforum

Prosjektorganiseringa inneber at arbeidet og tekniske løysingar vert evaluert kvart år. Denne evalueringa krev høg grad av brukarmedverknad og legg føringar for spesifisering av vidare arbeid.