Kvar og når kan du registrere deg?
1. Nye studentar- Oppretting av brukarkonto/passord for IT-tenester
Kan gjerast frå alle PC'ar med internettilgang via vår nettside for registrering, sjå nedanfor. På same nettside kan du også få nytt passord om du gløymer det gamle.
2. Registrering på Studentweb
StudentWeb er tilgjengeleg frå alle PC'ar med internettilgang. 5. til 9. januar kan du få hjelp med registrering i sørvistorget eller bruke tilgjengelege maskiner i 2. etasje i Berte Kanutte-huset. Siste frist for registrering og stadfesting av utdanningsplan er 15. januar. Du får tilgang til Fronter (høgskulen sitt system for e-læring) når du registrerer deg, så det er lurt å registrere seg i god tid før undervisinga startar.
Gå til registreringssidene. ![]()
3. Betaling av semesteravgift
Bruk din lokale bank. Du kan bruke nettbank på datamaskiner i Berte Kanutte-huset. Om du mistar giroen (eller ikkje har fått) finn du konto- og kidnummer i studentweb.
4. Utskriving av semesterkort
Studentar i Volda kan få semesterkort når dei har betalt og registrert seg ved å kontakte Sørvistorget i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Dette er di kvittering for betalt semesteravgift og viser at du er aktiv student, og kan brukast som studentbevis saman med studentkort eller legitimasjon med bilde.
Du kan også bestille på sorvistorget@hivolda.no eller på telefon 7007 5018 / 7007 5000.
Studielån blir tilsendt etter at du har betalt semesteravgift og registrert deg i Studentweb.
Les meir
Treng du hjelp til registrering?
Som nevnt ovanfor (pkt 2) kan du få registreringshjelp på skulen, men du kan også få hjelp via telefon 70 07 50 18 eller ved å sende mail til sorvistorget@hivolda.no.
Opningstider på Sørvistorget:
Etter registreringa kan du kontakte Sørvistorget om dei fleste studiesaker i opningstida 9.00 til 15.00. Måndag opnar vi ein halv time seinare (9.30), grunna internt møte.
Utanom opningstidene kan du kontakte oss på kontora våre innanfor arbeidstida, dersom det hastar å få hjelp.
« Tilbake
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 2008-12-16 17:36:34 | Publisert med NetEd : Publish



