Biologisk mangfald

Ved jernbanens sideterreng finn ein ofte ein overraskande artsrik vegetasjon. Særleg i tørre enger og sørvendte skjæringer og fyllinger finns ein rik og sjelden flora.

I samband med kartleggjing av område med spesiell tyding for biologisk mangfald langs Sørlandsbanen er det så langt funne 11 artar som står på den såkalla raudlista over truga artar i Noreg.

Jernbanen går gjennom fleire vernede område og fungerar som vandringsbarriere for dyr. Omgjevnadene kan belastas ved søl av olje eller diesel, større uønska utslepp, forureiningar frå fyllinger og bruk av kjemikaliar for å motkjempe vegetasjon. Ei viktig utfordring for Jernbaneverket er å kontrollera og redusera negativ påverknad på biologisk mangfald.

Mål
Sikre at miljøhensyn ivaretakast i planleggjing, utbyggjing, drift og vedlikehald av jernbanens infrastruktur.

Kva gjer vi?
For alle utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt som kan føra til negative miljøpåvverknader skal det utarbeidast miljøoppfølgjingsprogram som skal nyttast i prosjekterings- og anleggsfasa. Jernbaneverket har utarbeida ein veileder til miljøoppfølgjingsprogram for byggje- og anleggsperioden. Livsgrunnlag for flora og fauna er eit aktuelt tema som skal vurderast i miljøoppfølgjingsprogrammet.

Jernbaneverket starta i år 2000 eit prosjekt med registrering av verdifulle naturområde langs Sørlandsbanen. Hensikta er å testa alternative metodar for skjøtsel av vegetasjon i sideterreng som, i tillegg til å syte for drifta, også kan ta omsyn til estetikk og biologisk mangfald samt vere med å redusere sprøytemiddelbruken. Det er starta forsøk med krattrydding og årleg slått som ei alternativ form for vegetasjonskontroll. Slåtten utførast etter tradisjonelle metodar med ljå og slåmaskin, og høyet vert fjerna. Prosjektet blei avslutta i 2005.

Et anna eksempel på tiltak i forhold til biologisk mangfald er brenning langs jernbanelina for å betre tilhøva for den truga arten Hortulan.

Publisert av: Njål Svingheim Dato: 18.09.2007