Jernbaneverkets handlingsprogram 2006 -2015: -Modernisering av jernbanenettet

Jernbaneverket har nå fastsett handlingsprogrammet sitt for perioden fram til 2015. Programmet følgjer opp stortingsvedtaket i tilknyting til behandlinga av Nasjonal transportplan for perioden, og inneber ei jernbanesatsing som er heilt nødvendig om vi skal nå dei sentrale og sameinte samferdselspolitiske måla.

Tog 44 på Dombås. Foto: Njål Svingheim)
Tog 44 på Dombås. Foto: Njål Svingheim)
-Framlegget har vore på høyring, og eg er glad for å seie at høyringsinstansane i all hovudsak gjev si tilslutning til Jernbaneverket sine strategiar og prioriteringar, seier jernbanedirektør Steinar Killi.

Handlingsprogrammet viser korleis ein auke i investeringane til 26,4 milliardar (1 milliard meir pr. år i ti år) vil gjere det mogleg å modernisere det mest trafikkerte jernbanenettet i Noreg i tiårsperioden. Saman med målretta vedlikehald, endra driftsrutinar og tilrettelegging for konkurranseutsetjing kan ekstrasatsinga gjeve eit vesentleg betra jernbanenett. Eit solid nett som legg til rette for meir presis toggang og betra tryggleik, redusert reisetid og fleire togavgangar. Eit betre transporttilbod gjev fleire reisande og meir gods på bane. Programmet er detaljert for den første fireårsperioden og meir overordna for dei siste seks åra.

Departementet bad Jernbaneverket vise tre moglege alternativ for gjennomføring av planen:
1. Investere jamt kvart år i ti år, dvs. 2,6 mrd. pr. år både i 2006-2009 og i 2010-2015
2. Investere mykje i første perioden, dvs. 3.6 mrd. pr. år i 2006-2009, og 1.7 mrd. pr. år i 2010-2015
3. Investere lite i første perioden, dvs. 1,5 mrd. pr. år i 2006-2009, og 3,8 mrd. pr. år i 2010-2015 (2004-kr inkl.mva.)

Jernbaneverket meiner at ei jamn investeringsramme på 2,6 mrd. årleg i heile perioden er det beste alternativet fordi det er mest føreseieleg og gjev eit betre grunnlag for å planleggje og tilretteleggje utbygginga. Jernbaneverket prioriterer område der kapasiteten er høgt utnytta og til hinder for å få meir person- og godstrafikk over frå veg til bane. Persontrafikkmarknaden er størst på det sentrale Austlandet og omkring storbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. -Investeringsinnsatsen i Austlandsområdet kjem heile landet til gode fordi vi her har dei trongaste flaskehalsane som påverkar jernbanesystemet, seier jernbanedirektør Steinar Killi. -Vi oppnår betre presisjon og tryggleik, får redusert reisetid og det vert mogleg å etablere fleire togavgangar og eit betre transporttilbod, seier han. Godstransportmarknaden for jernbanen krev også investeringar på strekningane mellom landsdelane og til og frå utlandet.

-Dersom politikarane vel alternativ 3, vil store og viktige prosjekt for fornying av jernbanen verte utsette, seier Killi. Det gjeld til dømes dobbeltsporutbygginga på Østfoldbanen og Vestfoldbanen som ikkje kan starte opp før etter 2009. Dobbeltsporet Sandnes – Stavanger vert forseinka. Arbeidet med Gjevingåsen tunnel nord for Trondheim, bygging av to togspor Bergen stasjon – Fløen og Ulrikstunnelen i Bergen kjem ikkje i gang før etter 2009.

-Dersom investeringsnivået i alternativ 3 for perioden 2006 – 2009 vert videreført for perioden 2010-2015, må heile handlingsprogrammet omarbeidast og målsettinga om ein moderne jernbane og meir trafikk frå veg til bane forlatast, seier han. Jernbaneverket såg med forventning fram til statsbudsjettet for 2006 som vonleg gav avgjerande føringar for gjennomføringa av handlingsprogrammet.

Prosjekta
Dersom jernbanen får investeringsmiddel i tråd med stortingsvedtaket vil følgjande større anlegg vere komne godt i gang eller vere fullførte i første del av planperioden :
  • Lysaker stasjon (Drammenbanen)
  • Lysaker - Sandvika, nytt dobbeltspor fullførast 2011 (Drammenbanen)
  • Kolbotn - Ski, nytt dobbeltspor inkl Ski stasjon, byggjestart (Østfoldbanen)
  • Haug - Onsøy, dobbeltspor, byggjestart (Østfoldbanen)
  • Barkåker - Tønsberg, nytt dobbeltspor fullførest 2010 (Vestfoldbanen)
  • Holm - Holmestrand, nytt dobbeltspor, byggjestart (Vestfoldbanen)
  • Farriseidet - Porsgrunn, ny trasé, prosjektering (Vestfoldbanen)
  • Godsterminal Ganddal, fullførest
  • Sandnes - Stavanger, dobbeltspor, fullførest (Sørlandsbanen)
  • Gjevingåsen tunnel, fullførest (Nordlandsbanen)
  • Fjernstyring Grong – Mosjøen, fullførest (Nordlandsbanen)
  • Fjernstyring Mosjøen - Bodø fullførest (Nordlandsbanen)
  • Bergen - Fløen, to togspor, fullførest (Bergensbanen)
  • Ulriken tunnel, to spor, fullførest 2010 (Bergensbanen)
  • Alnabru godsterminal, fullførest
  • GSM-R togradiosystem fullførest
I siste del av planperioden fram til 2015 vil fleire større tiltak verte starta eller ferdigstilte. Det gjeld:
  • Kolbotn – Ski, fullførest (Østfoldbanen)
  • Oslo - Kolbotn, nytt dobbeltspor, startest (Østfoldbanen)
  • Haug – Onsøy, fullførest (Østfoldbanen)
  • Sandbukta - Moss – Såstad, fullførest (Østfoldbanen)
  • Holm – Holmestrand, fullførest (Vestfoldbanen)
  • Holmestrand - Nykirke, nytt dobbeltspor fullførest(Vestfoldbanen)
  • Farriseidet - Porsgrunn, ny trasé fullførest (Vestfoldbanen)
  • Ringeriksbanen, Bergensbanens forkortelse, startast/prosjekterest
  • Dobbeltsporparsellar Eidsvoll - Hamar 2-3 stk, fullførest (Dovrebanen)

I tillegg kjem ei rekkje mindre tiltak som tilrettelegging av knutepunkt og stasjonar, betre publikumsinformasjon, rassikring, fjerning av planovergangar m.v.

Sjølve handlingsprogrammet kan ein sjå via linken til høgre (PDF).

Publisert av: Njål Svingheim Dato: 03.10.2005