Søkjer støtte for første gang
Her er nokre tips til deg som skal søkje stipend og lån for første gang til vidaregåande opplæring.
Sjå kor mykje pengar du kan få
Du kan sjå kor mykje du kan få i støtte (stipend og lån) ved hjelp av støttekalkulatoren.
Skolepengar
I Noreg kan du få opptil 21 230 kroner i ekstra lån per år til skolepengar. Les meir om lån til skolepengar.
Eiga inntekt og foreldra si inntekt
Inntekta og formuen til forsørgjarane dine (foreldre/steforeldre) har noko å seie for kor mykje du kan få i stipend og lån. Har du inntekt sjølv eller høg formue, har ikkje det noko å seie for stipendene og lånet ditt, bortsett frå om du har lærlinglønn, pensjon eller trygdeytingar. Les meir om inntekt og formue.
Lærling
Er du lærling med godkjend lærekontrakt, kan du søkje stipend og lån frå Lånekassen. Les meir om støtte til lærlingar.
Utanlandske statsborgarar
Som hovedregel må du vere norsk statsborger for å få støtte frå Lånekassen, men også utanlandske statsborgarar kan ha rett til støtte. Retten til støtte kjem an på kor du kjem frå, kva tilknytning du har til Noreg og på kva for grunnlag du har fått opphald her. Les meir om støtte til utenlandske statsborgarar
Utbetaling
Du får utdelt eit gjeldsbrev / ei stipendmelding på lærestaden din. Når du studerer i Noreg, set vi inn pengar til deg kvar månad. Den første utbetalinga er litt større enn de andre. Les meir om utbetaling.
Korleis søkje
Alle vidaregåande skolar har fått tilsendt blanketter som dei kan dele ut til elevane. Du kan også bestille blanketten direkte frå Lånekassen. Fristen for å søkje støtte er 15. november for hausten og 15. mars for våren.
Følg søknaden på Dine sider
På Dine sider kan du følgje søknaden din frå innlevering til den er ferdigbehandla. Du kan også leggje inn postadresse og velje kva for kontonummer du vil ha pengane til.
Du treng PIN-koden, som du får/fikk på velkomstbrevet ditt, for å logge inn på Dine sider. Har du gløymd eller mista PIN-koden, kan du bestille ny på Dine sider. Dersom du legg inn mobilnummeret ditt på Dine sider, kan du få PIN-koden på SMS.
Gå til Dine sider.