Fråvær og avbrott i vidaregåande

Pengar frå Lånekassen forpliktar. Du har plikt til å informere Lånekassen dersom du ikkje følgjer utdanninga som planlagt.

Dersom du har stort fråvær

Skolen melder frå til Lånekassen når elevar har stort fråvær. Dersom du har eit for stort fråvær, kan vi stoppe utbetalingane til deg.

Dersom du sluttar midt i skoleåret

Når du har slutta på skolen, har du ikkje rett til pengar frå Lånekassen. Dersom du avbryt eit skoleår, kan for mykje utbetalt stipend bli gjort om til lån, og vi kan krevje at du betaler pengane tilbake straks.

Du må melde frå om endringar

Meld frå til Lånekassen dersom du:

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga
  • byter skole eller studieretning
  • flytter heim til foreldra dine

Dersom du let vere å melde frå, eller gir feil opplysningar, kan vi gjere om det du har fått for mykje i stipend til lån, og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte deg meir støtte til utdanning.