Slik søkjer du om pengar til vidaregåande opplæring

Du skal bruke søknadsblankett A. Du som er i vanleg vidaregåande opplæring kan dessverre ikkje bruke nettsøknaden.

Slik får du tak i søknadsblankett

Alle vidaregåande skolar har fått tilsendt blankettar som dei kan dele ut til elevane. Du kan også bestille blanketten direkte frå Lånekassen. Denne blanketten kan ikkje skrivast ut frå nettet. Den må vere i originalversjon.

Underskrift frå foreldra dine

Ein av foreldra dine eller ein av dei føresette må skrive under på søknaden dersom du ikkje har fylt 18 år.

Du må levere søknaden på skolen

Når du har fylt ut søknaden og fått underskrift frå foreldre/føresette, leverer du han på den skolen du skal gå på. Skolen fyller ut nokon av punkta og sender han videre til oss. Dei aller fleste får svar i løpet av to–seks veker.

Søknadsfristar

For hausten 2007
  • Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen innan 15. november 2007.
  • Tek du kurs som startar 1. november 2007 eller seinare, må søknaden vere komen inn til Lånekassen innan 15. mars 2008. 
For våren 2008
  • Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen innan 15. mars 2008.  
  • Tek du kurs som startar 1. mars 2008 eller seinare, må søknaden vere kommen inn før kurset er avslutta.

Sjekk svaret på Dine sider
Ei vekes tid etter at du har sendt søknaden, kan du gå inn på Dine sider her på nettsida vår for å sjå kva resultatet har blitt, eller kor lenge du må vente på svar. For å få slike personlege opplysningar må du bruke fødselsnummeret ditt (11 siffer) og ein PIN-kode (4 siffer). Første gongen du søkjer, vil du automatisk få eit brev frå oss med ein PIN-kode. Ta godt vare på PIN-koden din! Har du gløymt PIN-koden, kan du bestille ein ny på Dine sider.

Svaret kjem til skolen

Når søknaden er behandla, sender vi eit brev som du må hente på skolen. Dersom du får stipend og/eller lån, må du skrive under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet og sende det til Lånekassen. Lærlingar får stipendmeldinga/gjeldsbrevet sendt heim i posten.