Beredskap og krisehandtering

[BOKMÅL] 

Finansielle problem kan dukke opp uventa og spreie seg raskt. Styresmaktene søkjer å unngå at finansielle kriser skal oppstå og har beredskap slik at dei er førebudde til å handtere ei krise. Å førebu seg på å handtere ei finansiell krise er ein viktig del av Noregs Bank sitt arbeid med finansiell stabilitet.

  • Sentralbankar har tradisjonelt hatt ei rolle som långivar i siste instans (Lender of Last Resort, LLR). Det inneber at sentralbanken kan tilføre ekstraordinær likviditet til den enkelte bank eller banksystemet når etterspurnaden etter likviditet ikkje kan dekkjast frå andre kjelder.
    Les meir om långivar i siste instans
  • Sentralbankar har eit spesielt ansvar for at betalingssystemet til ei kvar tid fungerer.
    Les meir om beredskap for finansiell infrastruktur
  • og for at samfunnet sitt behov for setlar og myntar også skal kunne dekkjast i ekstraordinære situasjonar.
  • Bankkrisa i Noreg har gitt omfattande lærdom om beredskaps- og krisearbeid. Det er tema for Norges Banks skriftserie nr 33, og det blei også drøfta på ein konferanse i Noregs Bank i juni 2005 om lærdommar frå bankkrisa.

Publisert


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 23.10.2007