Pensjonstrygda for sjømenn
Pensjonstrygda for sjømenn ble skipa
ved lov av 3.12.1948 og er
ei eiga lovbestemt offentleg tenestepensjonsordning som er
tilpassa folketrygda. Ordninga har som hovudføremål å yta
sjømannspensjon (alderspensjon) mellom 60 og 67
år til den som har tent opp minst 150
pensjonsgjevande fartsmånader.
Pensjonstrygda vert finansiert ved avgifter frå
sjømenn og reiarlag. Trygda er garantert av staten og høyrer
administrativt under Sosialdepartementet. Pensjonstrygda vert
leia av eit styre med medlemmar frå organisasjonane til sjøfolk
og reiarlag. Administrasjonen, som ligg i Oslo,
har som hovudoppgåve å kreve inn pensjonsavgifter og å sørge
for at sjømannspensjonene vert utbetalt til alle dei som har
krav på dei til
rett tid.
Vi vonar at du finn dei opplysningane du
trengjer på heimesidene våre. Er det noko du saknar, eller
har du forslag til forbetringar av heimesidene, ser vi gjerne
at du tek kontakt med oss.
Fleire
opplysningar om sjømannspensjon kan du
få
-
på
kontoret vårt i Københavngata 10 i
Oslo
-
på
telefon 22 35 89 00
-
ved
å skriva brev til oss med adresse
Postboks 8143 Dep, N-0033 OSLO
-
ved
å senda oss ein faks på nr. 22 35
89 99
-
ved
å senda oss e-post til post@pts.no
-
under
"Hva
blir pensjonen" finn
du òg ein kalkulator som kan rekna
ut sjømannspensjonen
eller tilbakebetalingssummen du
eventuelt har rett til.
Redaktør:
Kontorsjef Aasta Richter Eriksen
Webansvarlig:
Rådgjevar Iren D. Tveitan
Frå 1.5.2007 - auka pensjons- og avgiftssatsar
Sist oppdatert:
14.10.2007
Informasjon
for trygdekontora
Det gjeld fylgjande nye dagsatsar for arbeidstakaravgift av sjukepengar m.v. frå 1.5.2007:
Overordna (gruppe 1) kr 36,08
Underordna (gruppe 2) kr 28,061
Desse nye satsane skal nyttast frå og med fyrste aktuelle avgiftstermin. Avgift som blir trekt i
kvar einskild termin, skal avrundast til næraste heile krone.
Sjømannspensjon
Klikk nedenfor for informasjon om
-
Personar som kjem inn under
pensjonstrygda
-
Farty
som kjem inn under trygda
-
Pensjonsgjevande fartstid
-
Vilkår for å få pensjon
-
Beregning av sjømannspensjon
-
Sjømannspensjonar
under avvikling
-
Tilbakebetaling
av avgift
-
Krav
om ytingar
Pensjonstrygda
omfattar
- norske
statsborgarar
- statsborgarar
frå andre EU/EØS-land
- andre
personar som har fast bustad i Noreg
og er melde til folkeregisteret som
er arbeidstakarar på skip som kjem
inn under trygda.
Som
arbeidstakarar reknar vi
-
tilsette
om bord som skal følgja skipet i
fart, medrekna arbeidstakarar som
ikkje har noko med sjølve drifta av
skipet å gjera, til dømes lugar-
og restaurasjonspersonale; dette
gjeld utan omsyn til om dei er
tilsette av reiarlaget eller av ein
annan arbeidsgjevar, til dømes ein
sjølvstendig restauratør
-
reiar
og partreiar i full stilling om bord
når ein arbeidstakar i ei slik
stilling ville ha kome inn under
trygda
-
restauratør
om bord som driv verksemd for eiga
rekning.
Utanfor
pensjonstrygda står
-
arbeidstakarar som på grunn av stillinga om bord
er medlemer av Statens pensjonskasse
eller av ei kommunal eller
fylkeskommunal pensjonskasse
-
frå
1.1.1994 personar som er tilsette i
hotell- og restaurant- verksemd på
turistskip som er registrerte i NIS
-
fiskarar
-
visse
grupper av arbeidstakarar som ikkje
høyrer til mannskapet og der det er
gjort særskilt vedtak om unntak;
dette gjeld såleis for croupierar,
musikarar, legar, flygarar,
flymekanikarar og reparatørar som
er tilsette og lønte av eit
handverksfirma, skipsverft o.l.
statsborgarar
frå andre EØS-land som etter
artikkel 14 nr. 1-4 i
EØS-forordninga kjem inn under
lovgjevinga i eit anna EØS-land.
Inn
under pensjonstrygda høyrer
- alle
skip, fiske- og fangstfarty,
borefarty og andre flyttbare
innretningar i sjøen som har eige
framdriftsmiddel eller utstyr for
boring etter undersjøiske
naturførekomstar, og som er
innførte i eit norsk skipsregister
(NOR eller NIS) med minst 100
bruttotonn
- norske
skip under 100 bruttotonn dersom
reiarlaget samstundes disponerer
større norske skip og
arbeidstakarane er fast tilsette i
reiarlaget med rett og plikt til å
yte teneste på alle skipa til
reiarlaget
- redningsskøyter
som høyrer til Norsk Selskab til
Skibbrudnes Redning.
Utanfor
pensjonstrygda står
- skip
som i hovudsaka går i fart på
norske innsjøar og elvar
- skip
som høyrer til Forsvaret
- visse
skip under 200 bruttotonn og skip i
ferje- eller hamnetrafikk o.a. der
det er gjort særskilt vedtak om
unntak.
Særreglar
for fiske- og fangstfarty
På
fiske- og fangstfarty over 100
bruttotonn omfattar pensjonstrygda
arbeidstakarar som er tilsette i
stilling om bord som skipsførar,
styrmann, bestmann, maskinist,
maskinassistent, fyrbøtar (motormann),
lempar, smørjar, maskingut, stuert,
kokk eller hjelpegut. Arbeidstakarane
kjem inn under trygda utan omsyn til
lønsform (hyre og/eller lott). Fiskarar
kjem ikkje inn under pensjonstrygda.
Dersom fartyet blir sett inn i ein annan
fart enn fiske og fangst når fangsten
er levert, omfattar trygda alle som har
arbeid om bord i det tidsrommet fartyet
går i slik fart.
Særreglar
for borefarty
På
borefarty (boreskip og rørlege
boreplattformer for boring etter
undersjøiske naturførekomstar)
omfattar pensjonstrygda arbeidstakarar
som er tilsette i stilling om bord av
den som eig eller disponerer borefartyet,
av boreentreprenørar eller av
underentreprenørane deira –
medrekna cateringselskap. Den tilsette
er trygda utan omsyn til om boringa går
føre seg på norsk eller utanlandsk
kontinentalsokkel.
Ein
arbeidstakar som er tilsett hos
operatøren for feltet eller av ein av
underentreprenørane til vedkomande,
kjem ikkje inn under trygda.
Tidsrom
der arbeidstakaren kjem inn under
pensjonstrygda
Arbeidstakaren
kjem inn under trygda så lenge
tilsetjingstilhøvet om bord står ved
lag, og dessutan i dei periodane før
eller etter dette når vedkomande får
utbetalt hyre, feriegodtgjersle og
fritids- kompensasjon etter avtale eller
lov inntil 12 månader om gongen. Dette
gjeld òg under reise til fartyet og den
tida tenestetilhøvet står ved lag
medan fartyet ligg i opplag, ved
verkstad eller til utrusting. Det same
kan gjelda i tilfelle der arbeidstakaren
har kortvarig teneste på eit skip som
ikkje kjem inn under trygda, eller på
eit reiarlagskontor. Føresetnaden er at
arbeidstakaren innan kort tid skal venda
tilbake til ordinær pensjonsgjevande
teneste, og at det blir betalt
pensjonsavgift.
Arbeidstakaren
kjem òg inn under trygda i periodar der
vedkomande får utbetalt sjukepengar og
liknande ytingar frå folketrygda for
sjukdom o.a. som har råka vedkomande i
pensjonsgjevande teneste.
Retten
til sjømannspensjon eller
tilbakebetaling av pensjonsavgift og
storleiken på desse ytingane er
avhengig av kor mange pensjons- gjevande
fartsmånader sjømannen har tent opp.
Hovudregelen er at det må vera betalt
pensjonsavgift for den tida som kan
godskrivast som pensjonsgjevande, men
det gjeld visse unntak.
Periodar som er pensjonsgjevande
utan at avgift er betalt
- Teneste
på alle norske
kvalfangstekspedisjonar og kvalfangst
stasjonar er pensjonsgjevande inntil
sesongen 1970-71. Det same gjeld for
teneste på ei rekkje utanlandske
kvalfangst- ekspedisjonar og
kvalfangststasjonar.
- Teneste
på krigsskip før 1.12.1963 blir
rekna som pensjonsgjevande fartstid
dersom du ikkje var medlem av
Statens pensjonskasse.
- Frå
1.10.75 vart det innført plikt til
å betala pensjonsavgift også for
ferie- og fridagar. Tidlegare
opptente ferie- og fridagar som det
ikkje er betalt avgift for, blir òg
rekna som pensjonsgjevande fartstid,
med eit prosenttillegg på den
effektive fartstida.
- Frå
1.1.1986 vart det innført plikt til
å betala avgift for sjukeperiodar
som sjømann. Tidlegare periodar som
det ikkje er betalt avgift for, blir
òg rekna som pensjonsgjevande
fartstid dersom sjømannen vart sjuk
eller skadd i pensjonsgjevande
teneste. Det same gjeld for
sjukehusbehandling for sjukdom som
vedkomande fekk i pensjonsgjevande
teneste.
Tidsrom
som ikkje er pensjonsgjevande
Maritim
skulegang blir ikkje rekna som
pensjonsgjevande tid. Det same gjeld for
militær eller
sivil vernepliktsteneste. Gjorde du
verne- pliktsteneste før 1981, kan denne
tenesta likevel
reknast med for å fylla minstekravet
for rett til pensjon, dersom avteninga
tok til innan seks månader etter at det
pensjonsgjevande tidsrommet eller den
maritime skulegangen
var avslutta.
Korleis
vi reknar ut fartstida
Fartstida
blir utrekna i pensjonsgjevande månader
på denne måten: Teneste i meir enn 15
dagar i ein kalendermånad blir rekna
som ein heil pensjonsgjevande månad.
Teneste i 15 dagar eller mindre i ein
kalendermånad blir rekna som ein halv
pensjonsgjevande månad.
Pensjonsgjevande tidsrom utanom tenesta
om bord (ferie, fritid osv.) legg vi
saman med den føregåande fartsperioden
og rekna dei ut på same måte som den.
For
arbeidstakarar på redningsskøyter
reknar vi kvar fartsmånad etter
1.7.1951, men før 1.7.1975, som 1 ½
pensjonsgjevande månad. Du kan likevel
ikkje få godkjent meir enn 12 pensjonsgjevande månader i året. Tilsvarande
særreglar gjeld for arbeidstakarar i
pensjonsgjevande teneste på kvalfangst
utanfor riket etter 1.7.1951.
Pensjonsalderen
- Pensjonsalderen
er som hovudregel 60 år. Han er
høgare dersom tenesta tok til etter
31. desember 1968 og sjømannen har
tent opp mindre enn 120
fartsmånader etter fylte 40 år.
Pensjons- alderen blir då heva med
éin månad for kvar tomånadersbolk
som manglar på 120 fartsmånader.
Pensjonsalderen er etter denne
føresegna maksimalt 65 år.
- Det
er eit vilkår for å få
sjømannspensjon før fylte 62 år
at du har slutta å tena opp
pensjonsgjevande fartstid og ikkje
har til- svarande teneste på
utanlandske skip. Dette inneber at
til- setjingstilhøvet må vera
avslutta, og at arbeidstakaren ikkje
lenger får utbetalt hyre (medrekna
feriepenger og fritids-
kompensasjon)
eller sjukepenger frå folketrygda
for sjukdom vedkomande fekk i eit
pensjonsgjevande tidsrom.
- Frå fylte
62 år gjeld ingen slike
avgrensingar i retten til å få
sjømannspensjon. Pensjonstrygda har
laga ei eiga orientering om retten
til å ta kortvarige vikariat før
fylte 62 år utan at sjømannspensjonen stoggar.
Arbeidsinntekt
i land påverkar ikkje retten til
sjømannspensjon, men kan ha verknad for
retten til pensjonstillegg.
Minstekrav
til fartstid
For
å ha rett til sjømannspensjon må du
normalt ha tent opp minst 150
pensjonsgjevande fartsmånader.
Medrekning
av anna tenestetid
For
å nå opp i minstekravet på 150
månader kan ein rekna med
- opptente
premieveker i Pensjonstrygda for
fiskarar dersom det er opptent minst
12 pensjonsgjevande fartsmånader i
Pensjons- trygda for sjømenn
- tenestetid
i ei anna offentleg
tenestepensjonsordning (til dømes
Statens pensjonskasse) så langt det
gjeld oppteningstid på skip;
tenestetid kan berre leggjast saman
på denne måten når
pensjonssøkjaren har nådd den
fastsette pensjonsalderen i den
andre ordninga eller får utbetalt
alderspensjon derifrå frå eit
tidlegare tidspunkt
-
vernepliktsteneste
som er avslutta før 1981, dersom
avteninga tok til innan seks
månader etter at det pensjonsgjevande tidsrommet eller den
maritime skulegangen var avslutta
- teneste
på skip frå andre EØS-land etter
føresegnene i EØS-avtalen; dersom
det ligg føre opplysningar om
tenestetid på skip frå eit anna
EØS-land, set pensjonstrygda fram
krav om eventuell yting frå
vedkomande land.
Tenestetid
som nemnd ovanfor kan berre reknast med
for å fylla minstekravet, men tel ikkje
med ved sjølve utrekninga av
pensjonssummen.
Sjømannspensjon
blir til vanleg utbetalt mellom fylte 60
og 67 år. Som det går fram ovanfor,
kan retten ta til å gjelda noko seinare
enn frå fylte 60 år dersom tenesta til
sjøs ikkje er avslutta. Det same gjeld
dersom føresegna om høgare
pensjonsalder er aktuell.
Sjømannspensjonen
stoggar ved fylte 67 år eller frå det
tidspunktet sjømannen får utbetalt 100
prosent uførepensjon, førebels
uførestønad, rehabiliteringspengar,
attføringspengar eller avtalefesta
pensjon (AFP) utrekna etter regelverket
i folketrygda. For den som får yting
som nemnd etter ein lågare
pensjonsgrad, fell ein del av
sjømannspensjonen bort; dette blir
utrekna i høve til pensjonsgraden.
Sjømannspensjonen
blir utbetalt etter satsar som er
fastsette i høve til grunnbeløpet i
folketrygda (G). Pensjonen blir difor
automatisk regulert når grunnbeløpet
blir endra, til vanleg 1. mai kvart år.
Barnetillegg
Dersom
pensjonisten forsørgjer barn under 18
år, blir det gjeve barnetillegg med 10
prosent av sjømannspensjonen for kvart
barn.
Pensjonstillegg
Dersom
pensjonisten har tent opp minst 36
pensjonsgjevande fartsmånader i løpet
av dei siste 60 månadene før
vedkomande tek ut pensjonen, eller før
oppnådd pensjonsalder, har han/ho rett
til eit pensjonstillegg dersom den
årlege arbeidsinntekta ikkje er større
enn 2 G (grunnbeløpet i folketrygda).
Tillegget
utgjer 23 prosent av pensjonen for
personar som er fødde i åra 1934–42.
Tillegget blir lågare for seinere
årskull (20 prosent for 1943-45, 17
prosent for 1946-48, 14 prosent for
1949-51, 11 prosent for 1952-54, 8
prosent for 1955-59 og 5 prosent for
1960-64).
Tillegget
kan ikkje gjevast til den som tek ut
redusert sjømannspensjon før fylte 60
år, jamvel om vedkomande fyller
vilkåra elles.
Pensjonstrygda
har laga eit eige rundskriv om reglane
for pensjonstillegg.
Pensjonssatsane
frå 1.5.2007 er:
Overordna:
kr
607,99
Underordna før 1.5.93: kr
434,28
Underordna etter 30.4.2003: 507,78
Redusert
sjømannspensjon mellom fylte 55 og 67
år
Det
kan ytast sjømannspensjon tidlegast
frå fylte 55 år til den som har slutta
i tenesta til sjøs, dersom summen av
alder og pensjonsgjevande fartstid er
minst 80 år. Pensjonen blir redusert
med 0,7 prosent for kvar månad
vedkomande manglar på pensjonsalderen
når pensjonen tek til. Denne
reduksjonen er varig. Pensjonen kan i
slike tilfelle ikkje gjevast for lengre
tid tilbake enn tre månader før
vedkomande set fram kravet.
Til
redusert pensjon kan det ytast
barnetillegg, men ikkje pensjonstillegg.
Igangsetjing
av sjømannspensjon
Sjømannspensjonen
blir sett i gang frå og med månaden
etter at retten til pensjon tek til å
gjelda. Det vil seia at den som har rett
til pensjon frå oppnådd pensjonsalder
60 år, får pensjonen utbetalt med
verknad frå og med månaden etter at
vedkomande fyller 60 år.
Den
som held fram med tenesta til sjøs og
difor har rett til pensjon frå eit
seinare tidspunkt, får pensjon utbetalt
frå og med månaden etter at oppteninga
er stogga før fylte 62 år. Held
vedkomande fram i sjøtenesta etter
fylte 62 år, kan pensjonen utbetalast
med verknad frå og med månaden etter
at vedkomande fyller 62 år.
Elles
gjeld det at ordinær sjømannspensjon
ikkje kan gjevast for lengre tid tilbake
enn tre år før den kalendermånaden
då sjømannen set fram pensjonskravet.
Redusert sjømannspensjon kan som nemnt
ikkje gjevast for lengre tid tilbake enn
tre månader før kravet blir
framsett.
Sjømannspensjon
ved uførleik m.m.
Det
kan ikkje ytast sjømannspensjon til den som er
eller blir innvilga 100 prosent uførepensjon,
førebels uførestønad, rehabiliteringspengar eller
attføringspengar frå folketrygda
eller avtalefesta pensjon (AFP) med verknad frå eit
tidspunkt etter 31.12.2000.
For den som får ei yting som nemnd etter ein
lågare pensjonsgrad, fell ein del
av sjømannspensjonen bort, utrekna i høve til
pensjonsgraden.
Sjømenn
som blir uføre, må ta opp spørsmål om rett til
ytingar frå folketrygda med trygdekontoret
på staden.
Sjømannspensjon
etter fylte 67 år
Det
kan ikkje ytast sjømannspensjon i nye
pensjonstilfelle etter fylte 67 år (dvs. til
sjømannspensjonister som fylte/fyller 67 år etter
31.12.2000).
Sjømenn
over 67 år må ta opp spørsmål om alderspensjon
frå folketrygda medtrygdekontoret på staden.
Enkjepensjon
Enkjepensjon
kan ikkje ytast dersom mannen døydde etter
31.12.2000. Unntak gjeld dersom mannen var
sjømannspensjonist med krigs fartstillegg.
Attlevande etter sjømenn må ta opp spørsmål om
rett til yting frå folketrygda med trygdekontoret
på staden.
Vilkår
for tilbakebetaling av avgift
Ein
arbeidstakar har rett til å få tilbakebetalt
pensjonsavgift (arbeidstakardelen) som ein eingongssum
når vedkomande
- har
slutta å tena opp pensjonsgjevande fartstid
- ikkje
har mange nok fartsmånader til å få pensjon
- har
betalt avgift for minst 36 pensjonsgjevande
fartsmånader
- har
nådd pensjonsalderen, og då ikkje får
utbetalt uførepensjon, førebels uførestønad,
rehabiliteringspengar eller attføringspengar
frå folketrygda for heil uførleik
eller full avtalefesta pensjon (AFP).
Retten
til å krevja tilbakebetaling fell bort
- frå
og med kalendermånaden etter den månaden då
arbeidstakaren fyller 67 år
- når
arbeidstakaren døyr; arvingar/dødsbu kan
såleis ikkje krevja å få tilbakebetalt pensjonsavgift som
den avlidne har betalt inn.
Utrekning
av tilbakebetalingssummen
Avgifta
som sjømannen får betalt tilbake, blir utrekna som
ein eingongssum som svarar til 2/3 av eitt års
pensjon utrekna på grunnlag av dei pensjonsgjevande
fartsmånadene vedkomande har tent opp. Den som får
utbetalt mindre enn 100 prosent uførepensjon,
førebels uførestønad, rehabiliteringspengar,
attføringspengar eller avtalefesta pensjon, får 50
prosent av summen. Utrekninga byggjer på dei
pensjonssatsane som gjeld på
utbetalingstidspunktet.
Krav
om tilbakebetaling
Krav
om tilbakebetaling av pensjonsavgift skal setjast
fram på same måte som krav om pensjon; sjå
nedanfor under pkt. 8.
Ordninga
med sjømannspensjon har tradisjonelt bygt på at
sjømannen sjølv tek initiativ til å setja fram
krav om pensjon når vedkomande fyller vilkåra for
pensjon og han/ho ønskjer å få pensjonen
utbetalt. Pensjonstrygda har no bygt opp ein større
database over sjømenns fartstid, og vi har dermed
godt grunnlag for å kontakta kvar einskild sjømann
direkte og gjera vedkomande merksam på mogleg rett
til sjømannspensjon eller tilbakebetaling av
pensjonsavgift. Vi følgjer no ein rutine med senda
ut slik informasjon med kravblankettar til alle
tidlegare sjømenn som har ei viss minstefartstid og
er busette i Noreg, men som ikkje har sett fram krav
om pensjon/ tilbakebetaling av avgift.
Dersom
du har nådd pensjonsalderen og meiner at du har
rett til sjømannspensjon eller tilbakebetaling av
pensjonsavgift, bed vi deg setja fram krav om dette
på blankett som du kan få frå oss eller frå
trygdekontora/ arbeidskontora. Kravblanketten finner
du her.
Dokumentasjon for kravet
Pensjonstrygda
har dei fleste opplysningar om sjømenns
pensjonsgjevande fartstid. Du treng førebels å gje
opplysningar om eventuell tenestetid på fiske- og
fangstfarty før 1.1.1968. Det same gjeld for
eventuell sjuketid som sjømann i åra 1971–1978
og for vernepliktsteneste m.m.
Pensjonstrygda
har ingen opplysningar om eventuell teneste på skip
som er registrerte i eit anna EØS-land og som kan
verka inn på retten til sjømannspensjon. Det du
har av dokumentasjon/opplysningar om slik teneste,
må du difor senda inn saman med kravet.
Innsending
av kravet
Når
kravblanketten er ferdig utfylt og underskriven,
sender du han til Pensjonstrygda for sjømenn.
Etter
få dagar får du tilbakemelding frå oss om når
kravet kan bli ferdigbehandla. Så framt det er
råd, bør du senda inn kravblanketten tre til fem
månader før du ønskjer å få pensjonen utbetalt.
Korleis
vi behandlar kravet
Når
vi behandlar kravet ditt, tek vi sikte på å gje
deg personleg service og rask tilbakemelding. Dersom
du ønsker å ta kontakt med ne av våre
saksbehandlere, se siden
hvem svar på hva..
Dersom
vi treng nærare opplysningar, tek vi kontakt med
deg over telefon eller på annan
måte.
Sist oppdatert:
14.10.2007
|