Berre ein strauk av dei 452 kandidatane som tok examen
philosophicum etter ny ordning i haust. Men enno er det
berre 20 prosent av vel 2400 kandidatar som vel den nye
ordninga.
Frå hausten 2001 var det lagt til rette for at
førstesemesterstudentar kunne ta ex.phil. etter
seminarmodellen. Denne modellen legg opp til undervisning
i mindre grupper, med obligatorisk frammøte og
oppgåveløysing. I staden for ein eksamen,
får studentane vurdert mappa si. Men før
det må dei ha oppfylt ei rekkje arbeidskrav, som
går på oppmøte og aktivitetar i undervisninga.
Studentane som har vore med på opplegget er svært
positive. I haust hadde 497 meldt seg opp etter seminarmodellen.
Av desse bestod 452 arbeidskravet og 451 bestod eksamen.
Dette gir 90,7 prosent bestått (99,8 prosent av
dei som oppfylte arbeidskravet). Dei tilsvarande tala
for gamal ordning er 41,9 prosent bestått (58,5
prosent av dei frammøtte).
Ein mjukare start
Den nye ordninga vert omtala som ein hybrid av universitet
og klasseromsundervisning.
- Kan ein seie at ordninga berre utsett overgangen frå
vidaregåande skule til det sjølvstendige
studielivet?
- Ein har innsett at ein må tilpasse seg arbeidsmetodane
som studentane har frå vidaregåande. Denne
ordninga møter dei på halvvegen, seier Harald
Åge Sæthre ved Mat.nat.
Likevel meiner han ordninga gir studentane ei god innføring
i arbeidsformene ved Universitetet. Dei vert meir eigenaktive
og får eit innblikk i kor mykje jobbing som verkeleg
ligg bak ein eksamen.
Forelesarane vert også meir motiverte fordi studentane
er engasjerte og viser genuin interesse for faget. Mange
fleire forstår stoffet i staden for berre å
lese det.
Dei mest motiverte studentane.
Dei ansvarlege er einige i at det nok er dei mest
motiverte studentane som vel ordninga. Difor er statistikken
kanskje ikkje representerbar for den jamne exphil-student.
Arbeidsmåten er ressurskrevjande for Universitetet,
men den er svært sosialt og fagleg inkluderande,
og det gjer at færre sluttar. Dette har vore eit
stort problem før. Ordninga er eit ledd i den nye
studieordninga for universitet og høgskular, som
skal innførast frå hausten 2003.