Studvest
er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
onsdag 23. januar 2002, nr 1- 57. årgang
Braksuksess på ex.phil
Foto: petter franer
Berre ein av dei 452 studentane som tok examen
philosophicum etter den nye seminarmodellen som blei allment
innførd i haust, strauk. Resultata er overtydande,
men berre 20 prosent av studentane valde den nye ordninga,
som inneber klare arbeidskrav gjennom heile semesteret. Blant
studentane på den gamle ordninga strauk heile 41 prosent
av dei som møtte fram til eksamen.
Ein har innsett at ein må tilpasse seg arbeidsmetodane
som studentane har frå vidaregåande. Den nye ordninga
møter studentane på halvvegen, seier Harald Åge
Sæthre (biletet) ved det matematisk-naturvitskapelege
fakultetet, som har fulgt opp den nye ex.phil.-ordninga.
På dei andre eksamenane skil psykologisk og juridisk
fakultet seg ut med høg andel strykkarakterar. Men
førsteamanuensis Wibecke Brun på det psykologiske
fakultetet er ikkje uroa over tala frå i haust.
les
meir nyhende
Til mørketid etter ljos
Foto: petter franer
Fotografen Martin Bruvold har drege heim til Nord-Noreg
for å finna det ljoset han likar best. - Bergen er
jo fin, men ljoset nordpå er heilt spesielt, meiner
EXPO- og Hibiscusfotografen.
les
meir kultur
Dyr signatur Studentrabatten på toga frå Oslo til
Bergen er på det næraste fjerna etter nyttår.
No må du betale 564 kroner for å komme deg
til hovudstaden med NSB, om du ikkje vil dra tysdag
eller onsdag.
les
meir nyhende
UiB politimeldt Studenten Per Kolstad har meldt Universitetet til
politiet etter at ei pipe nær traff han i hovudet
i byrjinga av januar. No vil Kolstad finne det som er
ansvarlege for tilstanden ved UiBs bygg.
les
meir nyhende
Kulturforkjemparar Bar 77 kallar dei seg, gjengen som skal syrgja
for at det framleis skal framførast punkrock
i rikelege og rimelege dosar på Kvarteret.
- Disko er ikkje kultur, og Kvarteret er eit studentkulturhus,
slår Kristian Prestegård fast.
No vil dei fortrengje diskoen til føremon for
punk, ska og andre alternativ til popen.