Nyhende
Kultur
Tema






















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Martin G. Skjæveland.
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2001
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
onsdag 6. februar 2002, nr 3- 57. årgang

Salet av studentmånadskort til vêrs

Gaia Trafikk har fått rundt 1000 fleire studentar til å kjøpe kort kvar månad. Ordninga med 35 prosent rabatt er ein suksess blant bussreisande studentar.

Tekst: Åge Avedal
aage_avedal1@hotmail.com

I oktober vart studentrabatten på månadskort hos busselskapa utvida frå 25 til 35 prosent. Det var Fylkesutvalet i Hordaland som løyvde pengane til dette. Hos Gaia Trafikk kjøper no rundt 4000 bergensstudentar studentmånadskort.
– I oktober gjekk salet av månadskort for studentar til vêrs. I september selde Gaia 3200 månadskort med 25 prosent rabatt. Månaden etter var talet kome opp i 4200, fortel Tor Harald Rødseth, førstekonsulent i Samferdsleseksjonen i Hordaland.

4000 i månaden
Rødseth meiner salet av månadskort hos Gaia Trafikk kjem til å liggje på rundt 4000 dei månadane studentane er på skulen. I november var det 3900 som kjøpte studentmånadskort.
– I desember og januar var salet noko dårlegare, på grunn av eksamenstid og juleferie, meiner Rødseth.
Ordninga med 35 prosent studentmoderasjon på månadskort gjeld for alle over 20 år som studerer i Hordaland. Er du under 20 år kan du kjøpe ungdomskort, som er enno billegare.

35 prosent også i 2002?
Det er fylkeskommunen som subsidierer rabattordningane. I februar i fjor vart det innført 25 prosent moderasjon på månadskort for studentar, frå 1. oktober vart rabatten utvida til 35 prosent. Tor Harald Rødseth trur sjansane er gode for at ordninga med 35 prosent moderasjon vil bli vidareført. I oktober 2002 skal komiteen for miljø og samferdsel i fylket evaluere rabattordninga.
- I 2001 brukte fylkeskommunen 4,7 millionar på å subsidiere studentrabatt på bussar. Går fylkesutvalet inn for å vidareføre ordninga med 35 prosent moderasjon, vil beløpet nærme seg 10 millionar for 2002, seier Rødseth.

06.02.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6 7 8

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18