|
|
|
|
Kor tok stipendet vegen??
– Jo, rett tilbake!
For nokre veker sidan fekk eg eit lite oppløftande brev
frå NRK Lisensavdelingen. Eg var vel ikkje akkurat åleine
om dette, men i alle fall: Å betale 887 kroner og 50 ører
til statskanalen kjentes som eit aldri så lite slag under
beltestaden. Og slaget vart snøgt hardare etter å ha tatt
ein kikk på siste kontoutskrift, samtidig med at håpet om
eit verdig liv som student i april, mai og juni sank. Med
ein demrande harme mot den norske stat tok eg til på eit
reknestykke. Kor mykje pengar syg eigentleg staten ut av
mitt spede studentbryst i løpet av eit semester? Her er
reknestykket (med omtrentlege tal og prosentar for fem månader):
|
Kringkastingsavgift:
|
887,5
|
|
Moms på mat (5000x11,5%):
|
575,-
|
|
Moms på utemat (2000x23%):
|
460,-
|
|
Moms på brus/snacks (3000x23%)
|
690,-
|
|
Moms på anna nødv. (4000x23%):
|
920,-
|
|
Avgifter på pils o.l. (6000x50%):
|
3000,-
|
|
Skatt av husleige. Betalt indirekte gjennom huseigar.
(14500x25%):
|
3625,-
|
|
Reising. Avgifter betalt indirekte gjennom transportselskap
(3500x15%):
|
525,-
|
|
TOTAL SUM til den norske stat:
|
10 682,5
|
– Hmmm..., tenkte eg for meg sjølv. Men kor mykje sponsa
den norske stat meg med i stipend dette halvåret?!? Jo,
nesten nok til å dekkje lisensavgift, moms, skatt og avgifter:
10 650 kroner. Og kor mykje tener staten i renter på studielånet
mitt?? Raseriet vart for stort. Eg klarte ikkje å samle
meg om å knekke reknestykket. Og her sit eg med ei ubetalt
rekning frå NRK og føler meg snytt. Så, kjære Det Norske
Rikets Stat: Takk skal du faen meg ha!!
Åge
13.02.02
|
| |
tilbake
til
toppen
Kultur: 1 2 3
4 5 6 |
|
|
|
Studvest
følger saken:
|
Siste
artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20
|
Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10
|
Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11
|
Siste
artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14
|
Siste
artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18
|
|