 |
FRÅ DET SKJULTE FILMMILJØ: Leif Arild
Lomheim og Siv Mælen tenkjer tilbake på kalde vinternetter
under innspelinga
av Et godt nyttår.
|
Amatørfilmskapar Leif Arild Lomheim var ein
av dei som hadde gratis visningspremiere på Cinemateket
sist torsdag. Filmen hans Et godt nyttår var blant dei fleire
bidraga frå Medieverkstedet i Bergen. Hjå «Filmskaparar
på veg» på Cinemateket kan kven som helst få vise sine produksjonar
offentleg og gratis. På Medieverkstedet kan alle prøve seg
som filmskaparar. Likevel er ikkje desse tilboda så godt
kjend, korkje blant publikum eller filmskaparar.
Fann fram ved rein slump
- Ein kamerat foreslo at eg burde ta turen innom Medieverkstedet
og prøve meg litt der, så eg tok ein telefon, og troppa
opp på medlemsmøte, som det viste seg at dei held kvar veke.
– Du betalar ei semesteravgift på 520 kroner, og får så
låne alt utstyr gratis. Det er som regel heller ikkje vanskeleg
å få tilgong på utstyr og redigeringsrom, men det må så
klart bookast på førehand. Reglane er ganske liberale, men
eg kan nevne at etter at eg hadde redigert Et godt nyttår
vart det innførd røykjeforbud på redigeringsromma... Medieverkstedet
viser nesten alle filmane som vert laga der på «Filmskaparar
på veg», men Lomheim presiserer at å vise dei er kvar filmskapar
sitt initiativ. Og det skrantar det ikkje på.
– Dei som driv verkstaden er ein gjeng idealistar som gjer
dette ubetalt. Det er eit svært godt miljø, og folk støttar
og hjelp kvarandre sjølv om eg hovudsakeleg konsentrerte
meg om mitt eige prosjekt, seier Lomheim.
Venting og stjernenykker
Han legg trykk på at det er innspeling som er det mest
gjevande.
– Redigeringa var eit helvete, sukkar han. Skodespelarane
ana han ikkje kvar han skulle få frå, men fekk høyre om
Immaturus, og inviterte fire stykke frå studentteateret.
Siv Mælen var ein av desse, og vart veldig glad for å bli
spurd.
– Det er jo noko heilt anna enn det vi er van med på teater;
du får høve til å spele på ein heilt annan måte. Det krev
kroppsspråk og mimikk som er vesentleg ulikt frå scena,
og det var deilig å kunne snakke lågt og fokusere på små
ting som blikk. Regissøren var veldig engasjerande og gav
god inspirasjon, og det v ar veldig lærerikt. På spørsmål
om kva som var negativt ved innspillinga, er ho ikkje i
tvil. - Ventinga. Det var óg veldig kaldt, og Leif Arild
hadde ikkje tenkt på å ha med dyner til oss! Eg græt når
eg kom heim, tilstår ho (med eit smil), og skular stygt
på Lomheim, som ler.
Stjernenykker, humrar han. Så er det berre å slå fast
at det faktisk finst eit filmmiljø også i Bergen, om enn
ein smule usynleg. Kven veit, kanskje den neste Bergensbølgja
er film?