Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 13. februar 2002, nr. 4 - 57. årgang

Valdeleg vakt på Kvarteret

TRAKASSERT: Narmin Saber kjenner seg dårleg behandla av vakten på Kvarteret.

BI-student Narmin Saber vart kasta halvnaken ut frå Kvarteret av ei vakt ho opplevde som svært valdeleg. No etterlyser ho ei orsaking frå studenthuset.

Tekst: Grunde Grimstad
grunde@grimstad.as
Foto: Ingrid Samset
ingrid.samset@cmi.no

Ein fredag i byrjinga av oktober i fjor kom Narmin og nokre vener til Stjernesalen for å dele ei flaske vin. I løpet av kvelden vart ho akutt dårlig, og fekk oppkast på kleda sine. Ei vakt ba henne då om å forlate lokalet, så ho gjekk inn på handikaptoalettet for å tørke av kleda. Dette var vakta ikkje fornøgd med. Han låste seg inn på toalettet der Narmin hadde teke av seg BH, topp og jakke. Så bar han henne halvnaken gjennom folkemengda og ut på fortauet. Narmin måtte stå ein halvtime i drosjekø, kun iført ein tynn, enkeltknept cardigan.

- Vakta overreagerte fullstendig
Narmin har vore fast gjest på Kvarteret i mange år. Ho vil ikkje annmelde denne saka, sjølv om det kunne vere grunnlag for å gjere det. - Han tok meg praktisk talt på puppane, og alle som stod rundt kunne sjå det dei ville då han bar meg ut, seier ho. Ho vil ikkje akkurat flagge dette som det verste som har skjedd i heile livet hennar. Men ho etterlyser ei orsaking, og at oppførselen til vakta vert forklart. Ho synest også det er merkeleg at dei ikkje ville oppgi namnet på vakta då ho klaga. - Eg ser ikkje heilt kva slags trussel ei jente på 1,50 utgjer for sikkerheita på Kvarteret, seier ho.

Eigars rett
Ved ordensavdelinga i Politikammeret seier dei at det forekjem ein del valdsepisodar med vakter på utestadar, difor har dette vore eit satsingsområde. Dei har prøvd å kome problemet til livs ved å arrangere kurs for ordensvakter. For å kunne ta dette kurset må ein frå før ha plettfri vandel. Ordensvakter og dørvakter skal sørge for å hevde eigars rett på utestadar, og kan ifølge lova bortvise og hindre uønska personar i å kome inn på utesteder. Men dei skal ikkje gå til handgripelegheiter. Dersom dette er nødvendig skal dei tilkalle politiet. Reidun Helle ved Securitas seier at deira vakter prøvar å geleide uønska personar bort frå staden. Dei gjeng ikkje til handgripelegheiter, med mindre personen ikkje er i stand til å kome seg ut for eiga maskin.

Flate for kritikken
Vaktetaten på Kvarteret beklagar sterkt det som har hendt i denne saka. - Vakta har nok i dette tilfellet mistolka situasjonen, og trudd at gjesten var overstadig berusa. Men instruksen seier at vaktene uansett ikkje skal legge hand på gjestane. Vi har heilt klare bestemmelsar på dette, seier Unni Caspersen som er skjenkeansvarleg ved Kvarteret. Alle vaktene som jobbar ved Kvarteret har gjennomgått ordensvaktkurset hjå Politiet. Grunnen til at denne klagen ikkje har vorte behandla før, trur ho dels er misforståingar og dels at huset har hatt mykje turbulens i administrasjonen i det siste. Ho seier at vaktene har svært klare føreskrifter om korleis dei skal opptre overfor gjestane. - Først og fremst vil vi at Kvarteret skal vere ein triveleg stad for gjestane, seier Caspersen. - Kva er eigentleg greia med at de ikkje kunne oppgi namnet på vakta? - Det er ein bevisst politikk frå vår side at vi ikkje oppgir namnet på vaktene i slike saker før dei er ferdigbehandla. Det kan forekome at valdelege gjestar oppsøker vaktene privat, seier Caspersen.

13.02.02

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6 7 8

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18