|
– Vanskeleg å bli kjent med nordmenn
Mange av utvekslingsstudentane i Bergen reagerer på at
dei norske studentane er skeptiske til utlendingar. – Nordmenn
er reserverte og ynskjer ikkje å bli kjent med oss, fortvilar
utanlandske studentar på Fantoft studentby.
Vil skape møtestad
- Kontakten mellom utanlandske og norske studentar er
altfor liten. Vi håpar at Coffee Hour kan vere med på å betre
på dette, seier Susanne Tuvehagen, sosialrådgjevar hos SiB
for utanlandske studentar.
Ærlige bergensstudenter
Ingen studenter ble tatt i juks på julens eksamener ved
studiestedene i Bergen. Oslo satte imidlertid jukserekord
med åtte saker.
Hasteforslag om rabattkutt
Studentrabatten på bussen står igjen i fare for å bli
kuttet. Torsdag vedtar Fylkestinget om rabatten skal senkes
fra 35 til 25 prosent.
Dårlig service, bra uteliv
Studentene i Bergen er blant studie-Norges ivrigste uteløver.
Servicen fra lærestedene er vi imidlertid misfornøyde med.
Fuktig feministfeiring
- Ikke faen, nok er nok - nei til salg av kjønn og kropp.
Hundre paraplyer går i samlet tropp gjennom Bergens gater.
Det er den internasjonale kvinnedagen og feministene er ute
med kamprop og kvinnesanger.
Radikal kjønnskvotering – kun for
kvinner
På mannsdominerte fag skal kvinner kvoteres inn, på den radikale
måten. - Dette er kritikkverdig, sier Torstein Fjeldet Lunde,
leder for NSU i Bergen.
Jenter fra en liten plass...
...tek oftare høgare utdanning enn sine medsystre i byane,
viser nyare forsking. Professor Kåre Heggen ved Høgskulen
i Volda seier til Nationen at dette kjem av at jenter i distrikta
vil befri seg frå lokalsamfunnet. Han seier ikkje noko om
kva intensjonar gutane i distrikts-Noreg har med å ta utdanning.
Men vi reknar med at det er for å finne seg sjøl. Eller kanskje
fordi dei vil ha ein jobb.
Kjempar mot januar-eksamen
NTNU vil legge eksamen for haustsemesteret til januar, for
å gjere haustsemesteret og vårsemesteret meir like. Dette
melder studentavisa Under Dusken i Trondheim. Forslaget har
ikkje vorte godt motteke av studentane som meiner dette vil
øydelegge juleferien som er den einaste ferien der studentane
kan slappe av. Over 2000 studentar har skrive under på eit
opprop mot det nye forslaget.
Ny og betre studentportal
Studentportalen til Universitetet i Bergen har vorte forbetra,
og inneheld no meir informasjon om studietilbodet, melder
På Høyden. Gjennom kontakt med søkarane har dei fått eit klarare
bilete av korleis dei tenkjer når dei skal velge fag. Det
har teke Informasjonsavdelinga ved UiB ni månadar å straumlineforme
nettstaden, som no skal tale eit språk som ungdomen forstår.
Gratis utdanning i utlandet
I staden for å betale for fjernundervisning på norske nettstadar,
kan du gjere det gratis ved å nytte tilsvarande tilbod i våre
naboland, skriv Nettavisen. Nordmenn kan fritt nytte tilboda
i Sverige, Danmark og Finland som er gratis, noko som tilsvarande
norske tilbod oftast ikkje er. Sigrid Lem i Norsk Forskarforbund
ser ikkje bort frå at dei nye tilboda kan gje ei endring i
utdanningsmønsteret.
Ny gradsstruktur med få unntak
Regjeringa går inn for at færrast mogeleg av studia skal få
behalde den gamle gradsnemninga, når den nye Kvalitetsreformen
skal gjere oss alle til Bachelor og Master-kandidatar. Dei
studia som slepp unna er førebels medisin, psykologi og veterinærstudiet.
Arkitektstudiet, teologistudiet og jusstudiet skal også inn
under dei nye gradnemningane, og må endre studietida til fem
år.
Bergen = bra, andre stadar=dårleg.
Vaktbikkja Bergens Tidende har nok ein gong sett på dagsorden
det faktum at andre delar av landet er heilt håplause i forhold
til Bergen. Denne gongen var det dei svake matematikkunnskapane
til nye studentar som vart granska. Ikkje overraskande fann
BT ut at medan NTNU har høge stryktal for sine matematikkstudentar,
gjer UiB sine matematikkstudentar til mønsterelevar. Sjølv
om studentane ved dei to universiteta er likt kvalifisert
i utgangspunktet.
13.03.02
|