Mange av utvekslingsstudentane i Bergen reagerer på at
dei norske studentane er skeptiske til utlendingar. – Nordmenn
er reserverte og ynskjer ikkje å bli kjent med oss, fortvilar
utanlandske studentar på Fantoft studentby.
|
 |
SKUFFA: Utvekslingsstudentane Bunja Daabo (f.v.),
Cornelia Schwarz og Juan Luis Cornejo del Barco er
skuffa over lite imøtekomande nordmenn.
|
- Vi har svært lyst til å bli kjent med norske studentar,
men dei fleste nordmenn er kjemperedde for å ta kontakt
og er skeptiske til oss utlendingar. Dermed får vi ikkje
sjansen til å bli skikkeleg integrert i dei norske miljøa.
Dette fortel utvekslings-studentane Juan Luis Cornejo del
Barco (Peru), Bunja Daabo (Gambia) og Cornelia Schwarz (Tyskland).
Juan Luis og Cornelia, med kallenamna «Rojo» og «Conny»,
har vore studentar i Bergen i sju månader, medan Bunja kom
til Bergen like over nyttår.
Snakkar norsk, får ikkje norske venar
– Eg vil gjerne bli kjent med fleire nordmenn, spesielt
dei som bur her på Fantoft. Men mange er distanserte og
trekkjer seg unna oss. Dei norske studentane eg deler kjøkken
med vil knapt nok prate med meg, sukkar Rojo og held fram:
– Nordmenn som sjølv har vore utvekslingsstudentar er derimot
mykje enklare å bli kjent med.
– Det er nok fordi dei har vore i same situasjon som oss.
Eg kan ikkje påstå at det er så enkelt for utanlandske studentar
i Tyskland heller, legg Conny til. Ho har i løpet sju månader
i Noreg lært å snakke bortimot flytande norsk, men opplever
at dei norske medstudentane ikkje ynskjer å bli kjent med
henne.
– Eg hadde i utgangspunktet bestemt meg for å bu eit halvt
år på Fantoft og eit halvt år i kollektiv saman med nordmenn.
No har eg ombestemt meg. Eg vil fortsette å bu på Fantoft,
for det er her eg har venane mine, seier Conny.
Reserverte studentar
Bunja har vore i Norge åtte-ni gongar før han vart utvekslingsstudent.
Han er leiar i den gambiske 4H-organisasjonen, og har derfor
mange 4H-vener rundt omkring i landet.
– Det er noko heilt anna å bli kjent med nordmenn gjennom
4H. I studentmiljøa er folk langt meir reserverte, meiner
han.
– Er det ikkje tilfelle at mange av utvekslingsstudentane
helst finn venene sine blant sine eigne landsmenn?
– Det stemmer til ei viss grad. Det er godt å kunne prate
sitt eige språk innimellom, fortel Conny og held fram: -
Men eg har ikkje gitt opp håpet om å få norske venar.
Gjengmentalitet
Atle Høyland har budd på Fantoft i fire år. Han er vaktsjef
i Fantoft vaktgruppe og meiner det er positivt med eit internasjonalt
miljø. Det bur rundt 300 menneske frå 70 nasjonar i studentbyen.
– Det er klart at det blir ein slags gjengmentalitet på
ein såpass internasjonal plass. Dei norske studentane vegrar
seg gjerne for å ta kontakt med utvekslingsstudentane. Det
er få nordmenn som blir buande her lenger enn eit halvt
år, seier Høyland. Han meiner at dei utanlandske studentane
lettare kunne blitt integrert i norske miljø om dei blei
betre fordelt på studentheimane i Bergen.
Reserverte
Dagleg leiar for Club Fantoft, Kristin Fluto, seier at mange
av utvekslingsstudentane reagerer på at nordmenn er så reserverte.
Ho er opptatt av at dei utanlandske studentane skal få sjansen
til å bli kjent med både nordmenn og studentar frå andre
land.
- Vi nordmenn har mykje å lære av dei utanlandske studentane.
Spesielt når det gjeld å vere meir opne og imøtekomande
i sosiale samanhengar, meiner Fluto.