Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 25. september 2002, nr. 21 - 57. årgang

Så rart å vere terrorist

Det er no over eitt år sidan 11. september. I etterdønningane etter bombene som haglar over Afghanistan er det framleis enkelte der ute som ikkje greier å forstå at det finst opplyste og reflekterte menneske som faktisk ikkje ser på terrorhandlingane som ei svart-kvit, todimensjonal hending der ein part er skurk og den andre snilling. Dette handlar om at folk blir så opphengt i at 11. september er ein legendarisk og symbolsk dag som for ein eller annan grunn har noko å seie for demokratiet verda over. Det handlar om å finne syndebukkar og nokon å straffe, berre fordi det vil få «dei rettskafne» til å kjenne seg tilfredsstilte. No kan ein mellom anna trekke fram spørsmålet om eit land der den med flest stemmer i presidentvalet ikkje vinn, verkeleg er eit demokrati. Ein kan påpeike at fridomskjemping i dag er ein vits fordi fridomskjemparar vert stempla som terroristar. Kva gjer dei då? Korleis får dei folk til å forstå, korleis får dei merksemd? Rett skal vere rett; 3000 menneske mista livet då nokre galne muslimar kapra nokre fly og flaug inn i nokre bygningar. Men vent litt no. Det vil altså seie at dei også døydde sjølve. Dei som slapp bombene over Hiroshima og Nagasaki, dei døydde ikkje. Dei lev sikkert den dag i dag, som høgt dekorerte menn som demokratiet set pris på. Men klart, det er jo ikkje det same, for bombene over Japan var jo for å trygge uskuldige og å hemne den vondsinna handlinga det var å bombe Pearl Harbor. Klart, for det tel jo ikkje at desse galne muslimane faktisk ynskja å trygge og hemne alle dei uskuldige frå folket sitt som har blitt undertrykte og drepne av amerikanarar. For då hadde USA vore skurkar i staden for. Og DET kan vi ikkje ha noko av. Og om mine konklusjonar her stadfestar at eg dansar hand i hand med Osama, Saddam og Gaddaffi, og strør salt på «Ground Zero» medan eg syng til stalinistiske kampsongar, så la gå. Då er eg nok ein terrorist. For eg er openbart ikkje MED president George «What, me worry?» Bush, og dei som ikkje er med dei er jo mot. It’s a fair cop, but society is to blame. Men eg skal leggje frå meg Taliban-skjegget og AK-47’en min til eg er ferdig her.

Eg foreslår at vi går til krig mot USA i staden. For vi veit jo at DEI har atomvåpen, og det er seriøs fare for at dei brukar dei. Og dei har ein galning til statsoverhovud, nett som Irak. Alle dei grunnlaga George «Integritet er ein fin bil» Bush vil gå til åtak på Irak på, legitimerer faktisk ein krig mot USA. Men klart, det tel jo ikkje, for USA er verdspolitiet vårt, sjølvaste storebror, og dei treng ikkje å bry seg med visse internasjonale domstolar ein gong. Det seier seg sjølve at USA må få lov til å gjere som dei vil. Så kan vi sitte her borte på berget, som ein slags kollektiv, liten, schizofren Timmy Gresshoppe, og prøve å hinte til at det George «Pinocchio» Bush gjer kanskje er galt. Men det er liksom litt vanskeleg når Pinocchio er ein hundre meter høg, ekstremt tungt væpna kamprobot i armert stål, i staden for ei lita, uskuldig tredokke. Ingen tråd som held deg, seier du, onkel president? Er det ei saks i salen?

Bjørn T. Bøe
Er tilknytta Studvest sin kulturredaksjon
25.09.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18