Svein
Olav Langåker set i sin kronikk «E-demokratiet ved universitetet»
(Studvest nr. 19, 2002) søkjelyset på studentdemokratiet sin
legitimitet. Den dårlege valoppslutnaden skuldast meir mangel
på god kommunikasjon mellom studentar og deira tillitsvalde
enn mangel på viktige saker å gripa fatt i, skriv Torstein
Fjeldet Lunde, leiar i Norsk Studentunion (NSU) i Bergen
Studentrådet sin legitimitet
Studentdemokratiet har dei siste åra hatt eit
hovudfokus: Kvalitetsreforma av norsk høgare utdanning. Reforma
vart sett i gong etter at Mjøs-utvalet la fram sin NOU «Frihet
med ansvar» i mai 2000. I kjølvatnet av dette vart det ein
stor debatt om framtida for norsk høgare utdanning. Regjeringa
Stoltenberg med Trond Giske i spissen la i mars 2001 fram
svaret på Mjøs-utvalet sitt arbeid; stortingsmeldinga «Gjør
din plikt - krev din rett» som seinare kuliminerte i vedtakinga
av den såkalla Kvalitetsreforma i Stortinget juni same år.
Det er viktig for studentane ved Universitetet
i Bergen (UiB) at utdanninga i framtida skal bli god og at
opplegget rundt utdanninga skal vera til studenten sitt beste.
Her har Studentrådet/NSU-Bergen gjort ein stor jobb dei siste
åra, både opp mot eigen institusjon og opp mot sentrale myndigheiter.
Men det er òg andre ting som har krevd ein innsats. Studentrådet
oppnemnar studentrepresentantar til råd og utval ved UiB,
ein er høyringsinstans i alle studentrelaterte saker ved UiB
og frå departement og Storting, og ein arbeidar opp mot kommune
og fylke lokalt for å sikra studentane sine rettar best mogleg.
Dette har gitt fleire gode resultat. Bussrabatt på 40 prosent,
auka studiefinansiering, nye studentkort, fleire studentbustader,
fri bustadregistrering for studentar, auka fokus på undervisningsevaluering,
betre arbeidsmiljøreglement og ei fornuftig innfasing av reforma.
Utan eit studentdemokrati hadde mykje av dette vore umogleg
å få til.
Det er slutt på dei tidene der studentar gjekk
i demonstrasjon for å gå i demonstrasjon. Det er ikkje lenger
sjølvsagt at ein bråte studentar dukkar opp på eit allmøte.
Ein treng nye kanalar å nå studentane gjennom og ein treng
å vera meir aktive for å få ut kva ein gjer. Gjennom materiell
som vert delt ut i samband med studiestart, gjennom «Ingress»,
studentdemokratiet sitt eige magasin og gjennom media, søkjer
NSU-Bergen å informera studentar om kva som går føre. Men
i konkurranse med all anna informasjon og gratisaviser som
flyt rundt på fakulteta, kan denne informasjonen drukna noko.
Skal studentdemokratiet ha ein funksjon er det viktig at kommunikasjonen
mellom studentdemokratiet og studentane er god. Det er klinkande
klart at skal oppslutnaden rundt studentrådsvalet opp så må
studentane vita kva studentrådet er og kva ein gjer. Her har
studentpolitikarane ein jobb å gjera.
I dag går valet til Studentrådet føre som urneval.
Med fakulteta som eigne valkrinsar og lister ved kvart fakultet
er det vanskeleg å driva ein samla valkamp for Universitetet.
Dermed vert det mykje opp til listene som stiller å profilera
seg sjølve og arbeidet dei vil gjera. Her har studentrådet
sett ned eit demokratiutval som skal sjå på ordninga. Ein
valkrins for heile Universitetet er eit av forslaga utvalet
har kome opp med. Dette vil gjera det lettare for studentane
å få med seg at det er eit val som går føre og kva dei vel
til. For det er nok eit av problema i dag. Svein Olav Langåker
tek òg opp tanken om elektronisk val, eller val over Internett.
NTNU i Trondheim gjennomførte for fyrste gong i fjor haust
elektronisk val til Studenttinget. Dette gjorde sjølvsagt
valet lettare tilgjengeleg. Men likevel såg ein nedgong i
valdeltakinga. Faktisk med så mykje som fem prosent frå året
før. Det viser at internettval i seg sjølv ikkje sikrar høgare
valdeltaking. UiB har òg byrja å sjå på moglegheita for å
ha elektronisk val. Dette vart seinast teke opp av studentrepresentantane
i Det akademiske kollegium i haust. Når eventuelt dette kan
koma i gong er det for tidleg å seia noko om.
Uansett kva tekniske løysingar ein vel er det
informasjonen frå studentdemokrati til studentane som vil
vera det essensielle for å få opp valdeltakinga og dermed
auka legitimiteten. Dei sakene Studentrådet arbeider med er
alt for viktige til at studentane ikkje skal la seg engasjera
i dei. Studentrådet dreier seg om din og min studiekvardag.
25.09.02
|