Tannlegestudentane i Bergen fortvilar over null til
nytt odontologibygg på regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
- Dagens odontologibygg er slitt, altfor lite og tilfredsstiller
ikkje arbeidsmiljølova, slår fakultetsdirektør Petter
Bomann-Larsen fast.
 |
ønsker mer plass. Ann-Kristine Sara, leiar i studentutvalet
ved Det Odontologiske fakultetet håper det blir
satt av seks millionar kroner til nytt odontologibygg
på statsbudsjettet i haust.
|
- Vi ventar, ventar og ventar. For elleve år sidan kom
den første utredninga som slo fast at det var behov for
nytt bygg til tannlege-studentane. Vi treng rundt seks
millionar kroner neste år, til prosjektering, arkitektkonkurranse
og planlegging, fortel Bomann-Larsen, fakultetsdirektør
ved Det odontologiske fakultet ved UiB.
| |
odontologibygg
|
Bygget som i dag rommar Det odontologiske
fakultet ved UiB vart bygd i 1962.
Kapasiteten ved dagens bygg er fullstendig
sprengt. Brakkeriggar og leige av lesesalsplassar
bøter på noko av dette problemet.
20 år gamle tannlegestolar, røntgenapparat
som ikkje tilfredstiller dagens arbeidsliv
og anna forelda utstyr blir brukt i studentane
sin praksis.
Universitetet har fått lovnad om
tomt på Årstad der PKI-bygget står i dag.
Dette bygget skal rivast om eit års tid.
Bygging av nytt odontologibygg vil
koste rundt 500 mill. Målet er ei samlokalisering
av Det odontologiske fakultet og den fylkeskommunale
tannhelsetenesta i Bergen.
|
|
Veldig trangt
Dagens odontologibygg er fullstendig sprengt. Frå hausten
2004 vil ei ny spesialistutdanning for tannlegar ytterlegare
auke behovet for nye og større lokale. Ann-Kristine Sara,
leiar i Studentutvalet ved fakultetet, meiner stortingspolitikarane
veit godt om behovet for eit nytt bygg til tannlegestudentane.
- Det verste er plassmangelen. Vi er for mange studentar,
og det er veldig trangt. Ein del av det tekniske utstyret
held heller ikkje standarden i arbeidslivet. Kvar dag
blir unit-stolar øydelagde, og utan stolar kan vi heller
ikkje ta imot pasientar, sukkar Sara. Arne Sortevik, medlem
i Kirke-, utdannings- og forskningskomitéen (KUF) frå
Hordaland FrP, fortel at FrP ynskjer å støtte prosjektering
av nytt odontologibygg med ti millionar kroner.
- Vi vil jobbe for dette om det blir nye forhandlingar
med regjeringa om statsbudsjettet. Elles vil vi prøve
å finne fleirtal i KUF utifrå rammene i budsjettet, fortel
Sortevik.
- Krise i tannlegeutdanninga
KUF-medlem Rune Skjælaaen frå Hordaland Senterparti meiner
odontologibygget må komme på dagsorden i Stortinget.
- Regjeringa forstår ikkje kva krise tannlegeutdanninga
i Bergen står ovanfor, seier Skjælaaen, og meiner opprettinga
av odontologiutdanning ved Universitetet i Tromsø ikkje
kan legitimere ei utsetjing av byggeplanane i Bergen.
Rolf Reikvam (SV), leiar i KUF, er også kritisk til at
regjeringa ikkje har prioritert bygget i sitt forslag
til statsbudsjett.
- Odontologibygget har høgast prioritet i Bergen, og blir
ei viktig sak for SV i forhandlingane i KUF, seier Reikvam.
Arbeidarpartiet og Framstegspartiet seier òg at dei vil
prioritere bygget. Det tyder at det er totalramma som
utdanningssektoren får som blir avgjerande for odontologibyggets
lagnad i KUF når midlane skal fordelast.
Gamalt utstyr og grådig trangt
|
 |
nedslitt. Tannlegestudentane i Bergen brukar utstyr
som er opptil 20 år gammalt.
|
Ei vandring gjennom bygget som i dag rommar Det odontologiske
fakultetet ved Universitetet fortel dei harde fakta. På
pasientmottaket har studentane kvar sine få kvadratmeter
til disposisjon. Innanfor sitt vesle bur skal studenten
utføre tannhelsetenester på pasientar, og nabomannen er
aldri lenger borte enn tre-fire meter. Det er trangt og
lite arbeidsrom.
Oppgitte
- Det er for mange studentar i forhold til plassen. Men
vi får tross alt ting til å gå rundt, fortel leiaren i
studentutvalet, Ann-Kristine Sara. Dei gamle tannlegestolane
står etter kvarandre i lange rekker. I dei fleste sit
det pasientar, men ein del står også tomme. Sara viser
oss ein av dei tomme stolane.
- Denne er rundt 20 år gamal, slik som dei fleste andre
unit-stolane. Den er oppriven i stoffet og det lekker
konstant frå denne trevegssprøyta, fortel ho og peikar
på eit av instrumenta som er festa til stolen. På vår
korte tur gjennom røntgenavdelinga møter vi tilsette som
er lettare oppgitt.
- Jo, røntgenapparata fungerer bra, men dei er såpass
gamle at vi ikkje får nye delar til dei. I arbeidslivet
blir det brukt digitale apparat i dag, men studentane
får inga opplæring i bruk av slike dei fem åra dei går
her, forklarar ei av dei tilsette på avdelinga.
- Ramlar frå kvarandre
I kantina møter vi odontologistudentane Bård Anders Hagen
og Rune Romsdal. Dei meiner det var feil av Stortinget
å prioritere ny odontologiutdanning ved Universitetet
i Tromsø så lenge tilbodet i Bergen ikkje er fullverdig.
- Det er ganske kjipt at politikarane ikkje finn midlar
til nytt odontologibygg. Dagens bygg ramlar snart frå
kvarandre, sukkar Rune Romsdal.