Nyhende
Kultur
Tema
Tema


















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høyskolen i Bergen.
Onsdag 7. mai 2003, nr. 14 - 58. årgang

Mørkemann

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør

Så kom det altså frå totalt uventa hold. Av alle ting var det Dagbladet Magasinet som sist laurdag kasta den første steinen mot denne delen av norsk ruspolitikk. Kanskje var det fordi tida omsider er mogen for at vi tar denne diskusjonen på eit sakleg nivå. Dei sette her fokus på det største samfunnsproblemet vi har i Norge: At alkohol har skulda for meir jævelskap enn narkotika, psykopatar, pedofile, metanol og AIDS til saman.

I Norge er det 1.500 som døyr kvart år av alkohol. Det blir fire mennskeliv dagleg. Her til lands, og i Dagbladet ikkje minst, likar ein dårleg å snakke om slikt, men kastar seg henrykt over ein kvar rapport som på noko slags vis kan indikere at alkohol har ein gunstig effekt på lekamen.

Dette har si naturlege forklaring. Dei fleste av oss, frå biskop til journalist, vil helst diskutere problem som ikkje involverer oss sjølve. Det er difor debatten i Den norske kyrkja ber preg av middelaldrande, godt gifte menn som helst diskuterer homofili, sex utanfor ekteskapet og ungdomskriminalitet. Og ikkje om baktaling, egoisme og rettferd ovanfor fattige, som er problem som ligg dei ubehageleg nær.

På same måte vil ein helst fokusere på narkotika og ungdom som røyker hasjisj. Men det er fylla som øydelegg flest liv i Norge. At ungdom som har prøvd heroin og kokain aukar med 0,1 prosent, kan knapt kallast ein eksplosjon. Det er også ei gjennomgåande underfokusering på alkoholen i mediedekkinga av skytetragedier, trafikkulukker og valdsepisoder, der alkoholen har ei like stor rolle som bil eller våpen. Men finn ein ei hasjpipe i nærleiken, skriv ein gjerne at drapet har skjedd i narkorus. Det er kanskje på tide med nokre tal:

  • Over halvparten av alle drap skjer i fylla. Halvparten av ofra var påverka.
  • Seks av ti voldsoffer på legevakta er alkoholpåverka. Trondheimspolitiet reknar med at 85 prosent av gjerningsmenn i valdssaker er alkoholpåverka.
  • Ei av tre dødsulukker i trafikken er knytt til alkohol. Promillekøyrarar tek livet av rundt 75 personar kvart år.
  • Det er 60.000 såkalla stordrikkarar i Norge, med dei ringverknadane dei har på sine omgjevnadar og familie.

Mange synes ein må få ned alkoholkonsumet. Og då er det diverre kun dei upopulære tiltaka som har effekt: Senke tilgangen, auke avgiftene, styrke Vinmonopolet og tidlegare stenging av serveringsstadar. Men av frykt for å tape stemmer til FrP ved neste val, gjer politikarane akkurat det motsette. Og apropos det, SIRUS (Statens institutt for rusforsking) har rekna ut at svenske prisar på alkohol i Norge vil gi ei auke i forbruket som vil medføre 200 nye dødsulukker i året, 60 fleire sjølvmord, 700 fleire voldsdomar. Likevel, avholdsmann er omtrent det minst politisk korrekte ein kan vere i Norge i dag. Slike moralistar og mørkemenn skal ikkje kome her og øydelegge moroa for andre folk, ved å vere edru på fest. Vonarleg er vi snart klare til å ta debatten om dette på eit sakleg nivå.

Så til slutt ei lita oppmoding til haustens fadderar: Det er vel forståeleg at nokon, av overnevnte grunnar, vel å ikkje drikke alkohol? At ein ikkje nødvendigvis likar å ruse seg, men likevel synes det er kult på fest? Fadderveker NHH-style er nok inkluderande for mange, men jammen er dei også ekskluderande for andre. Mange fadderarrangement byr ikkje på noko alternativ til å drikke seg dritings, eller sjå på at andre gjer det. Det vil seie, der er alternativ, men dei består ofte i bollar, saft og jenter i foldeskjørt, noko som ikkje nødvendigvis apellerer til alle. Der finst dei som gjerne vil ha eit alternativ mellom koseklubb og å regenere til russetida. Det er forskjellige grunnar til at folk ikkje drikk. Nokon vil ikkje, nokon kan ikkje og nokon har berre ikkje lyst. Så skjerpings til neste år!

God sommar.

14.05.03

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18