Barnebyen
For mange er dinosaurar og diamantar ein naturleg del av
kvardagen. Det veit alle som bur i Nattland studentby.
 |
Eg kjenner eit smertefullt dunk mot leggen, snur meg, og
ser rett ned i auga på ein komande vogntogsjåfør. Han er på
veg over plassen i revers - med traktor og tilhengar - og
blikket seier tydeleg at inntrengjarar med blokk og blyant
midt i løypa er svært plagsamt. Eg tek eit skamfullt steg
attende, og let han fortsette den kompliserte ferda; forbi
bordet der det vert produsert trepinnerammer, over ei gul
plastspade, rundt sandkassa med to som sit og pratar alvorleg
saman i sola, før det endar i ein kollisjon med ein arbeidskollega
på autopilot borte ved eine inngangen. Vi er i Nerigard Barnehage
på Nattland. Victor (4) trer støttande til og losjar meg ut
av det trafikkerte området og inn til garderobane.
– No kjem til og med barnehagen i avisen, nikkar han nøgd,
og fiskar matboksen ned frå hylla si saman med ei stor rot
han har funne. Hannah (2) heng alt smilande i dørklinka og
ventar på mamma og storebror. Dei tre bur like ved barnehagen,
slik som dei fleste andre. Og klokka er berre to.
– Fleksibiliteten og moglegheita til å legge opp dagen etter
eige tempo er noko av det som er fint med å vere student og
ha barn, seier mamma Christina Finne. Ho er glad ho slepp
åtte-til-fire-jaget.
Egg i akebrett
Dei bur i Nattland studentby. Eit heilt lite samfunn openberrar
seg i det vi trer inn på området. Alle familiane som bur i
dei 147 SiB-leilegheitene er studentar med born. Gule, grøne
og raude rekkjehus er ordna i små tun. Barnevogner, trehjulssyklar,
plastleiker og klatrestativ dominerer inntrykket. På veg til
blokk A passerer vi hønsegarden. Flukta frå denne er grenselaus,
får vi vite. Hønsebestanden på Nattland ekspanderer. Den velorganiserte
Hønsegruppa har full hyre med å lokalisere nye rugeplassar.
I eit akebrett vart det funne 22 egg for ikkje lenge sidan.
Hannah kan fortelje at det er kyllingar inni hønsehuset, men
ho greier ikkje å kome inn, for det er låst. Victor let høner
vere høner og viser oss andektig hovudkvarteret til Nattlandspolitiet.
Det er slike barn som er litt større enn han som har jobb
der, og passar på at ting går rett for seg.
Aleinemor og student
– Det er ein sosial stad å bu, samtidig som privatlivet vert
akseptert, seier Christina då vi sit i sola utanfor leilegheita.
Dei betalar 3.990 kroner i månaden for 64 kvadratmeter, slik
som alle andre.
– Nattlandsbebuarane er inga homogen gruppe, sjølv om vi alle
har barn. Det er veldig ulike folk som bur her, og det er
spennande, seier Christina og følgjer den leikande Hannah
med auga.
– Det kan verke som eit lite paradis, men klokka seks om morgonen
er klokka seks om morgonen på Nattland også, smiler ho, medan
Victor viser oss dinosaurane sine. Den eine er snill og den
andre er dum, og den snille kan ta den dumme med hovudet.
Slik! Boing, så døyr den dumme. Han spring inn for å hente
fleire. Sjølv hadde Christina alltid hatt lyst til å ta høgare
utdanning, men såg for seg at ho måtte vente til Victor og
Hannah vart så store at dei i alle fall hadde begynt på skulen.
Ein annonse i avisa som fortalde om førskulelærarstudie på
deltid endra planane.
– Det var så kjekt! seier ho om det første året på Landås.
Etter ei tid flytta ho og mannen frå kvarandre, og no har
ho barna aleine på Nattland. Ho synest det går fint å kombinere
tilværet som aleinemor med studiane, sjølv om det er annleis
enn kvardagen til andre studentar.
– Borna kjem først. Når dei er sjuke er eg heime. Er dei vakne
om natta, så vaker eg også. Ein lærer seg at det ikkje nyttar
å jobbe etter skippertaksmetoden. Plutseleg har eitt av barna
øyreverk når ein skal gjere ein innspurt. Av og til kan det
vere vanskeleg å få forståing for slikt frå medstudentar utan
born. Andre syner stor beundring for at ein greier å studere
og vere mor samstundes. Økonomisk trur Christina det er knapt
for dei fleste aleineforsørgjarar.
Det er naturlegvis veldig individuelt. Nokre har foreldre
som kan hjelpe til, eller dei har oppsparte midlar. Det er
slik at det akkurat går kvar månad, men det er vanskeleg med
uforutsette utgifter. Sjølv får eg overgangsstønad frå trygdekontoret
no, så eg er litt på sida av lånekasseordninga. Dei fleste
er avhengige av å jobbe litt for å få det til å gå, og det
kan vere vanskeleg når ein ikkje er to.
 |
MIDDAG. Pasta er heilt OK, men best av alt er «Oline
tyggis-is»», meiner Jonatan. Veslesøster Selma vaknar
midt i måltidet. Mamma Eli Kristine og pappa Steffen
et på skift.
|
Ettermiddagsstemning
Trass trong økonomi synest ho livet som studerande mor er
godt.
Som student, i alle fall på deltid som eg, kan eg levere
Victor og Hannah i barnehagen seint, og hente dei tidleg.
Vi kan ta det roleg og styre vår eigen kvardag. Til jul er
eg ferdig utdanna førskulelærar, og håper å få fortsette på
spesialpedagogikk. Eg har verkeleg lyst til å studere meir.
Å få bu på Nattland nokre år til er eit høgt ønske. Det er
ein trygg plass for barna, og sjølv trivast eg kjempegodt.
Det har begynt å verte folksamt på tuna. Grillukt pirrar nasen.
Victor og Hannah skal til pappa denne helga, og må snart gjere
seg klare. Og vi skal besøke ein av Victor sine kameratar
i blokk G, fire år gamle Jonatan.
Gjørmefelle på verandaen
– Nei, kva vi tenkte? Eli Kristine Winther ser på Steffen
Berntsen.
– Vi tenkte vel at, nei..., han rynkar bryna og ser attende.
– Eg tur vi tenkte mest på om vi skulle flytte saman eller
ikkje. Det var den store greia, konkluderer Eli og prøver
å hugse korleis det var å få vite at ho var gravid midt i
studiane med ein kjærast i same situasjon. Det er fire år
sidan no. Vi har berga oss inn på kjøkkenet deira på Nattland
utan å verte fanga i den livsfarlege fella av tråd og gjørme
som Jonatan har sett opp for å fange nabobarn. Han har gjort
greie for dei superraske joggeskoa som ligg til tørk på altanen,
samt akvariet med rumpetroll på same stad. No har han teke
med seg fotografen for å vise fram Herrenes Løve og Herrenes
Tiger inne på rommet sitt.
– Overgongen var stor. Heile livet vart forandra, fortel Eli.
Den første tida budde dei kummerleg, mangla barnehageplass
og studerte begge to.
– Systemet innbyr ikkje til å få barn som student, meiner
Steffen, og tenker ikkje minst på økonomi og bustadsituasjon.
– Nattland er unikt i sitt slag. Det lettar tilværet enormt
å bu slik som dette. Vi har vore veldig heldige som har fått
både leilegheit her og barnehageplass. Det er ventelister
på begge deler. Også Eli har inntrykk av at mange jobbar ved
sidan av for å få ting til å gå rundt.
– Økonomisk får vi det til, men det er heile tida på grensa.
|
 |
HENTING. – Har du hatt ein fin dag? spør mamma Christina
Finne. Hannah fortel om bossplukkedagen og eit papir
med gullstjerner på.
|
Eksamenstid og diamantprat
Trass økonomien har dei ikkje teke skrekken, det er den høgst
planlagde ni månader gamle Selma Konstanse eit levande vitnesbyrd
om.
– Når ein først har ein, kan ein like gjerne ha to, ler Eli,
og meiner at den overgongen nesten ikkje var merkbar. Dei
hadde allereie rutinane inne. Ho har permisjon no, men gler
seg veldig til å ta fatt på hovudfag i kulturvitskap til hausten.
Steffen er midt i sjukepleiarstudiet. Dei er samde om at å
studere på universitetet med få forelesingar og meir fleksibelt
opplegg er lettare å kombinere med å vere småbarnsforeldre
enn lange praksisperiodar og obligatorisk oppmøte på sjukepleiarstudiet.
Men det går. Og no er det eksamenstid også på Nattland. Det
kan ein merke av di barna er lenger i barnehagen, og at det
heng fleire oppslag kringom med oppmoding om å prøve å halde
ro om kveldane, eller med spørsmål om barnepass. Lesesalen
i B-kjellaren er også meir nytta enn elles i året. Sjølv er
Steffen nett ferdig med ein eksamen, og har ein roleg dag
heime. Jonatan er i stadig aktivitet, og no kjem han inn og
viser fram ein stor kvit stein han har funne på bossplukkedagen
i barnehagen. Ein diamant er det, faktisk. Han klarer å legge
den på hovudet utan å halde den fast med hendene. Fotografen
har fått eit hoppetau knytt rundt foten, og er fanga.
– Ein må gi slepp på mykje av fridomen når ein får barn i
studietida. Av og til kan eg vel sakne livet der eg berre
tenkte på meg sjølv. Ein tur på byen krev litt meir planlegging
enn før, seier Steffen, medan han har på Jonatan «shortsebukser»
og lyttar til utlegningane om diamanten.
– Men så er dei nokre heilt fantastiske små vesen!
Hjem-is-paradis
Det nærmar seg middagstid og familien trekker ut i sola med
pastagryta.
– Ungane går ut og inn hjå kvarandre. Det er ikkje akkurat
mangel på leikekameratar her. Til tider tek det heilt av med
bursdagsfeiringar, seier Eli, og fortel at studentbyen har
eit eige lokale for slike arrangement. Elles er fokuset på
is stort, anten det er bursdag eller kvardag.
– Eg trur Nattland må vere Hjem-is-bilen sin mest innbringande
stoppestad, meiner Steffen, og forklarer korleis det går føre
seg når barna høyrer plinginga, slepper det dei har i hendene
og tek laust i flokk og følgje. Om ein ikkje får kjøpe is
sjølv, ser ein på andre som opplever saligheita. For Jonatan
er «Oline tyggisis» ein kulinarisk einar. Så vaknar veslesøster
Selma, og får smake middag, ho også. Jonatan er bortom bordet
til naboane og sikrar seg pizza. Ikkje lenge etter kjem ei
lita venninne og får, som rimeleg er, pasta av Jonatan.
– Eigentleg er det slik at når ein bur på Nattland, seier
Eli ettertenksamt, - så gløymer ein nesten at ikkje alle studentar
har barn.
Nattland Studentby / Studentar med barn
- Ein ny undersøking gjort ved Høgskolen i Bergen og Universitetet
i Bergen viser at 21 prosent av studentmassen har omsorg
for barn etter endt utdanning. 48 prosent oppgir at dei
har omsorg for eitt barn.
- Studentbyen er eigd av SiB, og berre studentar med barn
får bu der.
- Dei 147 leilegheitene vart bygde i 1968, er 65 kvadratmeter
store og kostar 3.990 kroner i månaden.
- Per i dag står 42 familiar på venteliste for å få flytte
inn, men talet er venta å verte høgare når søkjarar for
studieåret 03/04 vert registrerte. Fleire barn gir høgare
prioritet. Einslege forsørgjarar eller par der begge er
studentar vert prioritert høgare enn par der den eine er
i jobb.
- Verken Oslo, Trondheim eller Tromsø har eigne studentbyar
berre for studentar med barn, men alle har eigne butilbod
for studentfamiliar.
(Opplysningar frå Studentboligane SiB, samt Studentsamskipnadane
i Oslo, Trondheim og Tromsø)
SiB sine barnehagar
- SiB driv seks barnehagar. Av desse er fire reine studentbarnehagar
og to også opne for barn av stipendiatar. 257 av dei 315
plassane er sett av til studentbarn.
- Betalingssatsane i SiB-barnehagane følgjer satsane i dei
kommunale barnehagane i Bergen. Prisen ligg mellom 690 og
2.870 kroner, avhengig av foreldra si inntekt. Studentar
som berre har lån og stipend betalar vanlegvis minstesats.
- I år 2000 fekk 73 prosent av dei studentbarna som søkte,
plass i SiB-barnehagane. I 2001 fekk berre 70 prosent, medan
dekingsprosenten var heilt nede i 60 i 2002. Etter hovudopptaket
for hausten 2003 står 150 barn på venteliste. Erfaringsmessig
stig talet etter suppleringsopptaka. SiB har ikkje redusert
talet på barnehageplassar.
- SiB har no fått godkjent planar for bygging av enno ein
barnehage på Nattland. Denne står truleg klar hausten 04.
(Opplysningane er frå SiB si barnehageavdeling)
Finansieringsordningar:
Lånekassen
- Fødselsstipend: Studentar som får barn i utdanningsperioden,
kan få fødselsstipend i tre veker før og 39 veker etter
fødselen. Dette vil vere det same beløpet som ein totalt
kunne fått i lån og utdanningsstipend desse vekene, skilnaden
er at ein får alt som stipend. Vilkåret er at studenten
har vore i utdanning og hatt rett til støtte dei siste seks
månadane før fødselen, og at ein har omsorga for barnet.
Anten mor eller far kan få stipendet, men i dei ni første
vekene berre mor.
- Forsørgjarstipend: Studentar med barn som er fødde etter
1987 (1988 for undervisningsåret 2003-04) kan få forsørgjarstipend
på 1.290 kroner i månaden for kvart av dei to første barna,
og opptil 830 kroner for kvart barn fleire enn to. Mor og
far kan få stipendet samstundes dersom begge er studentar
med rett til støtte frå Lånekassen.
- I undervisningsåret 2002-03 har Lånekassen per 04.05.03
tildelt fødselsstipend til 2.340 personar på landsbasis
(374 i Hordaland) og forsørgjarstipend til 15.294 (1.740
i Hordaland).
- Dersom ein mottek meir enn 53.500 kroner i trygd, vil
ein gradvis misse retten til stipend når trygda aukar, men
stipendet vert først gjort om til lån når likningstala er
på plass etter at skuleåret er omme. Nytt av skuleåret 02/03
er det at ein kan få fullt lån uavhengig av trygdeinntekta.
Andre stønadsordningar
- Einslege forsørgjarar kan få såkalla overgangsstønad på
opp til 8.351 kroner i månaden i tre år. Dersom ein er inne
i nødvendig utdanning kan stønadsperioden utvidast med inntil
to år. Ein kan ikkje få slik stønad lenger enn til det yngste
barnet har fylt åtte år.
- For einslege forsørgjarar er det også mogleg å søke om
stønad til barnepass, og om såkalla utdanningsstønad dersom
ein er under nødvendig utdanning.
- Ordinær barnetrygd er 972 kroner i månaden per barn. Aleineforsørgjarar
får stønad for eitt barn ekstra. Barnetrygda påverkar ikkje
retten til å få stipend frå Lånekassen.
(Opplysningar frå nestleiar i Lånekassen i Bergen, Torleif
Einarsen, og trygdeetaten sine nettsider)
14.05.03
|