I den kinoaktuelle filmen Comandanteblir den cubanske leiaren Fidel Castro
intervjua av den US-amerikanske regissøren Oliver Stone. Når ein seier noko
på eit gjeve språk, skriv ein seg samstundes inn i eit bestemt verdsbilete,
seier Bjørn A. Bojesen i denne kronikken.
Ein språkforvirra Comandante
Då underteikna såg filmen under Bergen internasjonale
filmfestival, var kinosalen stappfull,
så kombinasjonen er tydelegvis vellykka.
Ein kunne trudd at målet med ein dialog,
eller eit «personleg intervju» som dette, var å
nå fram, om ikkje til semje, så i det minste til
ein felles meiningshorisont. Men så synest
ikkje å vera tilfellet i Comandante: Castro og
Stone snakkar ikkje direkte med kvarandre, dei
gjer det via tolk. Stone seier noko på engelsk,
tolken omsett til spansk, og vice versa. Og den
norske tekstaren fôrar kinopublikummet med
si tolking - om denne byggjer på dei spanske
eller engelske replikkane, eller begge, er ikkje
godt å seia. Nokre i salen tenkte kanskje impulsivt:
Er han så dum, han Castro, at han
ikkje ein gong har lært seg engelsk? (Eit lite
fåtal tenkte: Er han så dum, han Stone, at han
ikkje kan læra seg spansk?) Men stort sett var
det vel heller få som grubla noko særleg over
språkstoda. Underteikna var i så måte i den
heldige situasjonen at han skjøna både engelsk
og spansk, og i tillegg hadde eit tredje
språk å reflektera med.
Stone blir «vår» mann som freistar å trengja
bakom det eksotiske og farleg
framande, her representert ved Castro.
Det blei fort klart for meg at det språklege
var ei like stor hindring for ei felles forståing
mellom Stone og Castro som det reint ideologiske.
For det første hadde samtalen sannsynlegvis
vore ein heilt annan utan den kvinnelege
tolken til stades. Mellom anna gir ho
Stone alibi til å unngå den direkte konfrontasjonen
med Castro, andlet til andlet – legg
sjølv merke til kor mange av spørsmåla som er
stilte i tredje person: Spør han kva han meinar
om... For det andre har eit kvart språk to
funksjonar: I
tillegg til den
sosiale funksjonen
(informasjonsutveksling),
har
det også ein kognitiv funksjon som gjer språkbrukaren
i stand til å tolka og systematisera
omgivnadar og røynsler. Det er eit klassisk
høna-eller-egget-spørsmål om det er verda
som skaper språket, eller språket som skaper
verda i hovuda våre. I alle høve er det klart at
ulike språk framhever ulike aspekt ved verda
rundt oss - språk styrer, om ikkje tankane, så
retningane tankane våre tek. Om ein ikkje har
eit eige ord for «blå», vil ein framheva andre
aspekt ved himmelen. Når Stone og Castro
legg ulike ting i omgrep som «fridom» og «demokrati
», kan det skuldast ulik kulturell/ideologisk
bakgrunn, men det bortforklarer ikkje at
det engelske ordet som Stone brukar når han
skal spørja om homofile sine rettar på Cuba -
gay - har konnotasjonar («glad, lystig») som
dei tilsvarande spanske uttrykka ikkje har.
Ein kan med rette hevda at Stone burde
lært seg spansk innan han drog på vitjing til
Cuba, eller at dei begge burde lært seg eit
nøytralt
tredjespråk,
a la
esperanto.
Men
nøytral
meiningsutveksling sel dårleg. Når ein film
som Comandante kan trekkja til seg så mykje
publikum, er det nettopp fordi regissøren distanserer
seg ifrå Castro. Av di dei færraste kan
spansk eller har eit forhold til Cuba, medan
dei fleste kan engelsk og har eit eller anna forhold
til USA, blir Stone «vår» mann som
freistar å trengja bakom det eksotiske og farleg
framande, her representert ved Castro.
Heilt sidan me var små har me blitt fôra med
angloamerikansk språk og ditto verdsbilete.
Det gjer at ein amerikanar som Stone har gode
høve til å pumpa ut bodskapen sin i eteren,
medan ein person med annan språkleg-kulturell
bakgrunn stiller mykje dårlegare. Men dette
treng ikkje tyda at denne andre tek feil.
Når eg stiller meg skeptisk til noko som
veldig mange menneske ser som ei velsigning,
nemleg den tiltakande anglifiseringa av all
mellomfolkeleg kommunikasjon, er det fordi
eg meiner at folk ser seg blinde på det reint
kommunikative, og undergrev dei meiningsskapande
sidene ved språk. Når ein seier noko
på eit gjeve språk, skriv ein seg samstundes
inn i eit bestemt verdsbilete. Den engelske filosofen
John Gray har uttrykt si mistru til
utopiar - å tru at det (berre) finst éi sanning,
éin riktig måte å styra samfunnet eller leva på,
er ikkje berre misvisande, men også potensielt
farleg. Når eg ser bilete av Kjell Magne
Bondevik som sit på kontoret sitt og ser på
CNN, eller Stone som klaskar Fidel på skuldra
på beste Bush-vis, er det noko inni meg som
roper varsko her!
26.11.03
|