Studier – eit tapsprosjekt
•• Sidan du no sit med årets siste utgåve
av Studvest i hendene vil vi nytte høvet til å
oppsummere litt. Den saka vi fekk desidert mest sure tilbakemeldingar
på i året som gjekk, var ein leiar vi hadde på
trykk i Studvest nummer 1, 2003. Den tok for seg situasjonen
til dagens studentar som vi meinte ikkje er så bra.
Vi reiste det store spørsmålet: Kva har vi eigentleg
att for å studere?
•• For denne grenselause frekkheita fekk vi
hard kritikk frå mange. Dei fleste kritikarane var studentar,
nokre til og med studentpolitikarar, som meinte at vi studentane,
vi har det plenty bra. Og dei skulda oss for sutring.
•• Og den tradisjonelle forklaringa er jo denne:
Vi akademikarar får så mykje høgre løn
etter utdanning, at vi bør tåle å suge
på labben i studieåra. Men det argumentet har
ikkje rot i røynda. Årets aukande arbeidsløyse
blant akademikarar har vist det.
•• OECD-publikasjonen «Education at a Glance»,
konkluderer med at Norge er eit av dei landa der det er dummast
å utdanne seg. Lønnsgevinsten for ein akademikar,
framfor ein med vidaregåande utdanning er i Norge på
35 prosent mot 85 prosent i USA og 110 prosent i Ungarn. 35
prosent! Det er det vi har igjen for studielån, dobbeltarbeid,
forseinka etablering, månadlege utbetalingar, eksamensperioder
o.s.b.
•• Så kva er eigentleg vitsen? Kristin
Clemet er ikkje bekymra for denne trenden, men fortel at dette
tvert imot er resultatet av ein bevisst skatte og fordelingspollitikk.
Og ho synes ikkje at motivet for å ta høgare
utdanning bør vere høgare løn, men plattform
for ein givande og interessant jobb.
•• Vel, det er kanskje mulig det Clemet. Men,
dersom det ikkje skal vere forskjell på lønna
til utdanna og uutdanna i dette landet, så vil den naturlege
konsekvensen vere at alle skal ha råd til bil, hus,
båt, bikkje, familie, etablering og obligatorisk ferie,
også medan dei studerer. Hvis ikkje så vil jo
ein rørleggar tene langt langt meir enn ein akademikar
i løpet av livet, noko dei for så vidt gjer allereie.
•• Lønna studentar. Har Clemet råd
til det? Nei. Clemet strammar grepet i staden. Neste år
vert alt stipendet til lån hvis du stryk på eksamen.
Tru og håp
•• Ellers håper vi det har gått bra
med deg og. Kvalitetsreform, fadderveke og obligatoriske oppgåver
til trass. Og har det ikkje vore heilt perfekt, så vit
at det går alltid betre neste år. Snart er det
vår.
•• Med det seier vi takk for oss. Studvest ønskjer
deg ei god jul.
03.12.03
|