Midtausten i lommeformat
Som ein fugl Føniks står ruinbyen
Babylon opp som tidsskrift
om Midtausten og Nord- Afrika.
- Tidsskriftet skal gi fleire nyansar enn kva media gir til
vanlig. Når avisene skriv om islamsk
lov, er det ingen som forklarer skikkeleg kva det er, seier
Janne Bøe. Ho er den eine av to bergenske redaksjonsmedlemmer
i Babylon.
- Håpet er at vi kan nå ei brei lesarskare,
gjennom å både underhalde og informere. Det er
ikkje snakk om eit superakademisk blad med høg terskel,
men om å nå alle med interesse for Midtausten.
Faren min, som ikkje er akademikar, seier at han får
mykje ut av å lese bladet. Slik skal vi presentere aktuelle
tema på ein folkeleg måte.
Bladet, som får plass i ei litt stor lomme, kjem ut
to gongar i året og omhandlar eit nytt tema kvar gong.
Det fyrste bladet handla om demokrati i Midtausten, det nyaste
om shari’a, islamsk lovgiving. Våren 2004 kjem
neste nummer, som stiller spørsmål om Midtausten
er kjønnsfiksert.
- Blant anna korleis ultraortodokse jødiske kvinner
går inn i hæren, noko som i utgangspunktet strir
mot ei ultraortodoks overtyding,
seier Bøe.
Artiklane i den nyaste utgåva er skrivne både
av hovudfagsstudentar og meir røynde akademikarar,
med alt frå historisk til antropologisk bakgrunn. Blant
dei meir røynde er Knut S. Vikør, som gir eit
oversyn over shari’a-lovgivinga, på ein, skal
vi tru sikre kjelder, folkeleg måte. Også dei
Sudan-interesserte, ein stor skare i Bergen, har noko å
glede seg til i UiO-forskar Endre Stiansen sin artikkel om
økonomisk liberalisering og islamisering.
03.12.03
|