Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 26. november 2003, nr. 30 - 58. årgang

Tvingast til å lese i kantina

Berre kvar tiande ingeniørstudent får plass på lesesalane til Høgskolen i Bergen. Men salane er så dårleg ventilerte at studentane heller les i ei overfylt kantine.

Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik
Foto: Magnus Vollset
 
EKSAMENSPUGG. Er klasserom fulle og lesesalen ubrukeleg? Knut Nes (f.v.), Anne Flem, Stian Sæle og
Camilla Stenersen les i kantina.

– Dei einaste som et lunsj i kantina er eksamensvaktene. Alle andre er her for å lese, seier Anne Flem. Som ingeniørstudent er ho blant dei 1400 som les til vinterens eksamenar. Men få kan lese på lesesalen. Fattige 120 lesesalsplassar fører til at studentane tar i bruk det som er av ledige klasserom, bibliotek og laboratorium for å få lese. Lesesalane er i tillegg så dårleg ventilerte at dei knapt er brukbare, i følgje Flem og medstudent Stian Sæle.

– Kantina er den einaste plassen med skikkeleg luft, meiner Sæle. Alle borda er befolka av tjukke bøker og kalkulatorar, bortsett frå bordet med støyande eksamensvakter.

– Vi blir oppfordra av administrasjonen til å sitte her. Det er ikkje så gale, men ikkje ein bra plass å lese. Det er ein del bråk, seier Knut Nes, leiar av ingeniørstudentane sitt studentråd og ein av dei som puggar på kantina.

– Her er alt for ofte fullt, meiner Camilla Stenersen, også ho ein kantinepuggar.

SKRØPELEG LUFT

– Vi har eit gamalt bygg, forsvarer Ole-Gunnar Søgnen, dekan ved Avdeling for ingeniørutdanning. At lufteanlegget er skrøpeleg legg han ikkje skjul på, men syns ikkje at lesinga i kantina tyder på dårlege kår.

– Korleis kantina blir brukt, er sjølvsagt opp til studentane, men eg kan forstå at det ikkje er optimalt å sitje der, seier dekan Søgnen. Å ruste opp lesesalar og grupperom er han gjerne med på.

– Men då må studentane legge breisida til og prioritere at dét er hovudynskjet.

MEST ANARKI

Dei fleste klasseroma er opptekne til eksamen, og er låst igjen for å hindre nyfikne studentar i å finne morgondagens eksamensoppgåver. Tre klasserom kan brukast til lesing, og meldinga på døra er klar: «Rommet blir brukt av flittig studerende studenter som ikke har noe annet sted å gjøre av seg under eksamensforberedelsene. »

Ute i gangen kjem ei heil gruppe gåande, på veg til eit ledig rom for å ha ei siste oppsummering. Men ikkje før har læraren og studentane gått ned trappa, før alle tjue snur. Også det rommet var opptatt.

– Det er totalt kaos her, avslutter Anne Flem.

– Det er mest anarki.

Kafékollokvier

Psykologisk og Samfunnsvitenskapleg fakultet konkurrerer med ingeniørstudentane om å ha dårlegast dekning av leseplassar.

Dei til saman 4350 studentane på bachelorenivå ved dei to fakulteta vil ha eitt bygg mindre å breie seg på etter jul. Bygget oppkalla etter lærerinne Lindstrøm skal frå nyttår berre brukast av masterstudentar. Tornøebygget, som heile eksamensperioden uansett blir brukt til eksamenar, vil bestå fram til 2005. Då skal Universitetsbiblioteket utvide arealet sitt, og sluker ein lesesal. Til saman er det kring 300 lesesalsplassar ved SV-fakultetet, noko som tilsvarar at femten psykologi- og SV-studentar på bachelorenivå må dele på kvar lesesalsplass.

– Det er nok den dårlegaste dekninga på heile UiB. Men studentane har kanskje endra arbeidsvanar i løpet av dei siste åra. Mange er urbane og har kollokvier på kafé. Dei les heller der, meiner Audun Rivedal, direktør ved Psykologisk fakultet.

03.12.03


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14