Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 26. november 2003, nr. 30 - 58. årgang

Levende Ord vil starte høgskule

Levende Ord ønskjer å starte eigen kristen høgskule
innan få år. – Ikkje noko for oss, seier kristne lærarstudentar
ved NLA og HiB. Dei meiner Levende Ord blir for ekstreme.

Tekst: VIDAR GUDVANGEN
Foto: MARI SUNDSBØ
 
EKSTREMT. – Pengekulturen til Levende Ord skremmer oss, seier NLA-studentane Jorunn Margrete
Blindheim (t.v.) og Solveig Aae. Dei er kristne men er skeptiske til kyrkjelyden på Kråkenes.

– Vi håpar å få sendt søknad til departementet innan utgangen av året, seier informasjonssjef ved Levende Ord, Bjørn Olav Hammerstad.

I NRK Brennpunkt førre veke la pastor i Levende Ord, Enevald Flåten, ut om sine visjonar for det han kallar re-kristninga av Norge. Flåten uttalte at hans barn ikkje skulle få bli undervist av ateistar og satanistar, med eit klart spark til den offentlege skulen. Frikyrkjelyden som omset for 60 millionar kroner i året, driv allereie grunnskule og vidaregåande skule. No ligg planane føre for eigen høgskule.

– Vi kjem til å legge vekt på samfunnsvitskaplege fag som media, pedagogikk og teologi, seier Hammerstad til Studvest. Han er tydeleg nøgd med den sittande regjeringa.

– Det er ikkje til å legge skjul på at Bondevik-regjeringa har gjort det enklare å drive kristne privatskular, vedgår Hammerstad.
Sjølv om Norsk Lærerakademi (NLA) har vorte ein tung aktør som eit kristent studietilbod i Bergen, trur Hammerstad det er marknad for Levende Ord også.

– Det ville vere naturleg for oss å samarbeide med NLA, men det eksisterer ikkje noko samarbeid i dag, presiserer informasjonssjefen.

– Vi håpar å ha høgskulen klar i løpet av fire - fem år. Dette skal vere ein skule for alle. Ein treng ikkje vere medlem av kyrkjelyden, understrekar Hammerstad og lovar låge semesteravgifter.

– SOM EIT KJØPESENTER

Jorunn Margrete Blindheim og Solveig Aae går siste året allmennlærar ved NLA på Breistein. Begge er kristne, men trur ikkje ei høgare utdanning hos Levende Ord hadde vore eit aktuelt alternativ.

– Eg har vore på Levende Ord ein gong. Då følte eg at eg var på eit kjøpesenter, seier Blindheim. Ho reagerer på pengekulturen som rår når kollekt vert samla inn med portable betalingsterminalar.
Begge NLA-studentane er kritisk til merksemda kristne aktørar som Levende Ord får i media.

– Det er lett for at folk tenker at det er slik kristne er når Levende Ord går krast ut i media, fryktar dei to lærarstudentane, dei meiner det er galt å plassere folk i éin kristen-bås.

– Det er viktig med mangfald. Vi har til dømes fleire homofile i klassa. Sjølv om eg tykkjer det er synd å leve slik, samarbeidar vi godt, understrekar Blindheim.

FAG FRAMFOR RELIGION

– Eg tykkjer ikkje det skal ha noko å seie at eg er kristen når eg tek utdanning, seier Jørgen Viksund. Han er kristen og lærarstudent ved Høgskulen i Bergen på Landås.

– Han kunne ikkje tenke seg å gå på ein Levende Ord høgskule, men trur kanskje NLA kunne ha passa for han, dersom dei hadde vore meir objektive. Både Viksund og kameraten Torstein Kråvik er kritiske til samanblanding av fag og religion i privatskulane.

– Det er dumt at det å være kristen går framfor det faglege, seier dei.

03.12.03


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14