73 og like blid

Om to år skal far min pensjonere seg. Då blir
han 62. Resten av livet vil han tilbringe på avsidesliggande
plassar i Hellas, og kanskje, men berre kanskje, kjøpe
seg bobil. Far min er som dei fleste andre av sin generasjon:
Han er lei av å arbeide, og vil ha det feitt til han
er 100.
Det vil sjølvsagt eg også. Men i forrige veke
kom eit skot for baugen på den feite planen. Pensjonkomiteen,
oppnemnt av Ap, fortalde meg at eg måtte jobbe lenger.
Eg måtte stå til eg blei 70, sa dei. Eg måtte
jobbe i 40 år for å få full pensjon.
Eg sette meg ned for å rekne. 30, 40, 50, 70, telte
eg høgt. Ein kraftig lysstråle slo mot meg, og
som i ein visjon såg eg korleis den 73 år gamle
meg sat bak skrivebordet. Eg talde på knappane: Har
eg råd til å pensjonere meg no?
Høg utdanning har aldri lønt seg i Noreg -
og pensjonsforslaget rører ikkje ved det. Å bruke
lang tid på å utdanne seg har ikkje ført
til andre ulemper enn gigantisk lånekassegjeld. Med
forslaget blir dei som kjem sist i arbeid dei desiderte taparane.
Har du ruga på hovudfagsoppgåva i fire år,
får du svi. Ver vennleg å jobbe fire år
ekstra, seier Pensjonskomiteen og klør seg i metusalemskjegget.
Vidareutdanning, eit sosialdemokratisk nyord frå 60-talet,
kan du berre gløyme. Du får ikkje tid til denslags
om du skal tryggje ensjonen. Sabbatsår? Nei nei, ikkje
tenk på det. Kvart einaste år tel når du
har blitt 70. Utan inntekt er du ei uproduktiv byrde for samfunnet.
Du har versågod å jobbe det inn igjen. Norsk Studentunion
er blant dei som vil uttale seg om pensjonsreformen - og har
lansert eit forslag som faktisk vil gagne den vanlege student:
Ten opp pensjon i studietida. Pensjonspoeng for kvart studieår
fører til at studentar likevel ikkje vil tape alt for
mykje på å ta høgare utdanning. Det er
eit godt forslag som studentar må omfamne, om Metusalem
sjølv, pensjonsgeneral Sigbjørn Johnsen, skal
kunne støtte opp om det.
I alle fall kan ei slik ordning føre til at også
eg får råd til ein bobil som pensjonist. Kanskje,
men berre kanskje, får eg lyst på ein. Sjølvsagt,
eg kjem ikkje til å vere 62 når eg går av
med pensjon. Her skal vi arbeide. Eg ser for meg min nystarta
pensjonistkarriere: 70 år, like blid, og med ein bobil
i garasjen.
ØYVIND LEFDAL EIDSVIK / oyvind@studvest.no
Nyhendejournalist i Studvest
Illustrasjon: Monica Tronstad
21.01.04
|