Viljestyrke…
Sjølvransaking er ikkje noko eg driv med i utrengsmål.
Men eg har lurt litt på kvar dette ukritiske tilhøvet
til ølinntak kjem frå. Og på kvifor eg
ikkje sprett doggfrisk opp om morgonen utan lengre slumrefrekvensar.
Og litt på kvifor eg har avgrensa hopehav med lange
lesesalsøkter. Og lesesalsøkter i det heile
tatt. Eg har óg undra meg over kvifor eg er ihuga
pådrivar av nachspiel som lokkar nokolunde uskyldige
inn i bakrushelvete og forderving. Og over kvifor kosthaldet
mitt skortar på fleirumetta feittsyrer, ginseng og
økologisk framdyrka rotfrukter. Og kvifor eg kan
styre entusiasmen for slitsame joggeturar, yoga og andre
kjipe aktivitetar under fellesomgrepet fysisk fostring.
Og kvifor deilig-kropp-sommaren-2004-prosjektet som ein
naturleg konsekvens har gått til helvete.
Eg tvilar på at fenomenet er element i eit høgttravande
psykologisk problemkompleks. Og eg finn, som vanleg, ikkje
grunn til å ta sjølvkritikk. Det var jo ikkje
meg, det var viljestyrken! Eller prekært fråvære
av nett dette. Det er ikkje til å kome utanom at dette
fråværet medfører eit noko betent tilhøve
til heile viljestyrkekonseptet. Og til dei som synast å
vere ufordrageleg sterkt disponert for det.
For meg er omgrepet kjelde til ymse negative konnotasjonar.
Samvitsagg. Ei uggen og stadig tilbakevendande kjensle av
å vera eit dårleg menneske. Det handlar om alt
du skulle ha gjort, men aldri gjorde. Om førelesingane
du skulle ha gått på, bøkene du skulle
ha lese og kilometrane du skulle ha sprunge. Viljeveikskapen
er kjenneteikna av at latskapen har ein tendens til å
ta overhand. Av kvardagsfyll. Og av ignorerte vekkarklokker
og nedprioriterte pensumbøker. Og ein øl til.
Og overdriven sjokoladefråssing, underskott på
sikringskost og påfølgjande korporell dekadanse.
Men eg har ei trøyst. Eg er garantert ikkje den
einaste som er sparsamt utstyrt med viljestyrke. Og eg trur
me har eit atskillig morosamare liv enn lytelause og pliktoppfyllande
joggarar med stålkontroll på pensum og ein omgang
med drikkevarer dominert av grøn te.