Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 04. februar 2004, nr. 3 - 59. årgang

Raudstrømper i tidsklemme

Venstre sin Olaf Thommesen møtte stor motstand i det han fortalde om sitt tradisjonelle og i følgje mange, gamaldagse forhold til arbeidsfordeling i heimen. Men er dette verkeleg så uvanlig? Og har ikkje kvinner eigentleg noko å lære av Thommesen? I det raudstrømpene kravde å få kjempe om dei same jobbane som menn, burde dei vere klar over at det blei mindre tid til pludring bak kjøkkenbenken. Dersom ein vil nå langt i politikken eller næringslivet er ein avhengig av å kunne bruke tid på å byggje seg karriere. Når kvinner i dag står fram og fortel at dei føler seg som strekte seigmenn mellom morsrolle og jobb, er det berre dei sjølv som kan gjere noko med det.

Kvinner har kritisert menn fordi dei ofte har prioritert jobb framfor familie, men her bør kvinna ta lærdom. Eg har ingen ønskjer om å jage kvinna bort frå mann og born, tvert om må den som vil det gjerne vere heimeverande så lenge det er mogleg. Problemet oppstår når kvinner prøver å utføre to fulltidsjobbar samtidig. Ein del av forklaringa på at menn tradisjonelt har vore mindre heime, ligg nok i at dei har hatt monopol på leiarstillingar. Stillingar som krev tid og offer. Skal kvinner oppheve monopolet, slik vi er i ferd med i dag, må vi innsjå at vi ikkje samstundes kan vere like aktive heime.

Krav frå førre generasjon om at vi skal vere rugemaskiner og stelle for mann og barn står framleis sterkt i samfunnet. Samstundes har vi endelig fått kjempa til oss retten til å spele fotball med dei store gutta. Eksemplar som hoppkomitéformannen i det internasjonale skiforbundet (FIS),

Torbjørn Yggeseth, minner oss på at dette er ein rett vi ikkje kan ta for gitt. Så for å stå fram som vellukka kvinner av vår tid, må vi både føde barn så det renner, og skaffe oss ein jobb som menn vil irritere seg litt over at vi klarte å få.

Løysinga på den såkalla tidsklemma ligg i ei endring av haldningar. Kvinna sjølv må innsjå at også seigmenn har grenser for kor langt dei kan strekkast, og forstå at skal ho lukkast i karrierelivet må andre ting i større grad bli satt til side. Det nyttar ikkje å sitje med dårlig samvit for alt anna du skulle ha gjort dersom du vil nå karrieretoppen. Førre generasjon si mønstermor må legge det himlande blikket på hylla, og mannlige leiarar må gi opp håpet om at kvinna på eit eller anna tidspunkt skal la morsinstinktet sigre. Det er på tide at kvinna blir vaksen og tek konsekvensane av dei vala dei tek. Siktar du mot toppen er konkurransen hard og krev både vilje til å ofre andre ting og til å stå løpet fullt ut.

RAGNHILD KONGSVOLL
ragnhildk@studvest.no
Nyhendejournalist i Studvest
Illustrasjon: MONICA TRONSTAD
18.02.04

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14