Studentar i skotlina
«– Dei trua mor mi. Skreiv at dei ville
drepe henne. Så då måtte eg flykte igjen,
seier han. 25-åringen som sit ovanfor meg kjemper mot
gråten. Det same gjer eg.» Kathrine Sund sit i
arbeidsutvalet for Studentenes og Akademikernes Internasjonale
Hjelpefond (SAIH). I haust tilbrakte ho to veker i Colombia,
no skriv ho i Studvest.
I Colombia deltok eg mellom anna på ein
studentkongress. I løpet av dei to vekene vart eg kjent
med mange studentar. Ein av desse var 25-årige «Coco».
Både han sjølv og familien hans hadde vorte trua
på livet fleire gongar fordi han var aktiv i ein studentorganisasjon.
Det første som slo meg då eg trefte Coco, var
at han såg så utruleg snill ut. Ein litt sjenert
person, med eit forsiktig smil. Korleis kunne nokon ønskje
å drepe han?
KONFLIKTEN
Når Colombia ein sjeldan gong vert omtala i norske
media, får ein som regel inntrykk av at konflikten i
landet har sitt utspring i geriljagrupper som driv med narkotrafikk.
Dette biletet er milevis frå verkelegheita.
Eit viktig element i konflikten er det enorme skiljet mellom
fattig og rik. 60 prosent av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.
I tillegg har venstresida lenge vore ekskludert frå
politikken. Mellom anna som eit resultat av dette, vart dei
to geriljarørslene FARC og ELN danna på 60-talet.
Om lag samstundes vaks det også fram store og mektige
narkotikakartell. For å kunne drive på utan statleg
innblanding, knytte kartella til seg paramilitære grupper.
Desse kartella vart seinare splitta opp, og dei paramilitære
gruppene gjekk over til mellom anna å handle som den
statlege hæren si forlenga arm. Sivilbefolkninga har
etterkvart hamna midt i skotlina mellom geriljaen, dei paramilitære
og staten. Konflikten har ført til at ein i dag har
mellom to og fire millionar internflyktningar. Størsteparten
av desse lever under fryktelege forhold og mottek inga, eller
lite hjelp frå staten.
For litt over eit år sidan fekk Colombia ny president,
Álvaro Uribe, som var klar i sin tale då han
vart valt. Han ville bekjempe konflikten i landet med vold.
Det siste året har dei paramilitære vorte stadig
sterkare, og brota på menneskerettane har auka sterkt.
DRAPSTRUSLAR OG PRIVATISERING
Det er sjølvsagt vanskeleg å vere student i
ein slik kontekst. Studentane gir likevel ikkje opp. ACEU,
den største studentorganisasjonen i landet, har akkurat
arrangert ein nasjonal studentkongress. Studentane i ACEU
kjemper både mot privatisering av dei offentlege universiteta
og i forhold til den generelle situasjonen
i landet i dag.
Over 30 studentar har blitt drepne dei siste åra. I
april i år forsvann til dømes Edwin Lopez og
Gerson Gallardo, som begge var aktive i ACEU. I juni vart
lika deira funne. Før dei vart drepne hadde dei hadde
gått rundt i skogen i to månader og vorte utsette
for tortur. Fordi dei var aktive i å organisere studentane.
Studentar, professorar og andre tilsette på universiteta
har tidlegare spela ei viktig rolle i universitetsdemokratiet.
No reformerast vedtektene slik at desse skal nektast å
ta del i styringa. På nokre universitet har ein opplevd
at regjeringa har utnemnt rektor i samarbeid med dei paramilitære.
I tillegg har ein på mange universitet tilsett private
tryggingsselskap, som ofte har tilknyting til dei paramilitære.
Overvakningskamera på campus er også vanleg, noko
som gjer det enda vanskelegare å drive med politisk
aktivitet.
FELLES MÅL. FELLES KAMP?
Studentkvardagen i Colombia kan verke fjern frå studentkvardagen
i Norge. Drap, tortur og dødslister er ord som det
kan vere vanskeleg å forholde seg til. Men colombianske
studentar går også på forelesingar og les
pensum. Dei festar, går på kino og har det gøy
saman med vennene sine. Samstundes som dei kjempar ein kamp
som er viktigare enn kampen for fleire studentbustadar og
billegare mat i kantinene.
Demokrati, menneskerettar og det offentlege universitetet
er felles mål for studentar i heile verda. Dei colombianske
studentane kjemper dermed også vår kamp. Dei treng
vår støtte, slik at dei skal kunne få dei
same rettane og mulegheitene som det norske studentar har
i dag. SAIH, NSU og StL har i år fokus på studentane
sin kamp i Colombia og Zimbabwe. Vi vil spreie informasjon
om brot på menneskerettane begått mot studentar
i Colombia. Vi vil også oppfordre den norske regjeringa
til å presse colombianske styresmakter til å ta
et oppgjer med dei paramilitære gruppene og dei nære
band dei har til regjeringa.
Då Coco og eg skiljast, gir eg han ei SAIH t-skjorte
som takk for intervjuet. Han vert veldig glad, og fortel at
han ikkje har så mykje kle. Han måtte flykte frå
alle tinga sine. «Så kva har du tenkt å
gjere no, då?» spør eg forsiktig. «Overleve.
Eg skal ikkje døy,» seier han med fast røyst.
18.02.04
|