Budsjettkutt rammar 1880
Ungdomshuset 1880 og Bergen Internasjonale
kultursenter skal klemmast inn under same tak. No fryktar
ungdomane for samlingsstaden sin, medan studentorganisasjonane
blir kasta på dør.
Tekst: VIDAR GUDVANGEN vidar@studvest.no
Foto: HÅKON EIKESDAL hakon@studvest.no
|
 |
SLUTT. Fana-jentene Yngvild
Greine (t.v), Helene Holm og dei andre ungdomane på
1880, har framleis heile huset for seg sjølv.
Det set Byrådet snart sluttstrek for.
|
– Det går mykje rykte om kva som
kjem til å skjer her. Det er dårlig tilbod for
oss under 18 i Bergen. Her kan vi sitte og prate og kose oss,
seier 16-åringane Yngvild Greine og Helene Holm. Dei
tar ofte turen til kafeen på 1880.
Byrådet i Bergen må spare pengar. Frå 1.
mai blir Ungdomshuset 1880 og Bergen Internasjonale Kultursenter
(BIKS) samla. Det betyr kamp om plassen. Ungdomar Studvest
har snakka med, uttrykker skepsis og frykt for kva som skal
skje med byens mest populære ungdomstilbod.
– Dette er eit bra tilbod. Ungdomane har eit anna tilbod
enn Galleriet, seier Helene Holm. Dei to jentene trur det
er lurt av kommunen å ha ein stad for dei unge. Fleire
studentorganisasjonar som i dag held til på 1880, må
finne seg nye lokale. Hulen, Bergen Student-TV og Transitteateret
er mellom dei som nå blir kasta ut.
MOT SLUTTEN FOR 1880?
Bystyremedlem Jan Kristian Mathiassen (Ap), meiner prioriteringane
til Byrådet er feilslåtte.
– Eg er redd for at 1880 vil miste sin opphavelege
funksjon. Det er ei sjølvfølgje at tilbodet
vert dårlegare. Eit slikt forslag ville aldri fått
gjennomslag i eit Ap-byråd, hevdar han.
Mathiassen er uroa for både tilbodet til dei unge og
byens innvandrarar.
– BIKS har i dag kvinner frå 22 land. Dette er
kvinner som ikkje har noko anna tilbod, og som neppe vil finne
seg til rette på 1880, seier han.
Ap-politikaren meiner at å kutte i desse tilboda, på
sikt kan gje samfunnet ei langt større rekning. Han
får støtte frå Hulen-leiar Jo Rasmussen.
– Gjennom 1880 har Bergen hatt ei moglegheit til å
få ein oppegåande kulturgenerasjon. Eg trur 1880
med dette vil forsvinne på sikt, seier Rasmussen. Hulen
har dei siste to åra hatt kontor i 1880-bygget, men
må no finne andre lokale.
VIL IKKJE KJEMPE
Dagleg leiar ved Ungdomshuset 1880, Ingeborg Tysnes, vedgår
at ho er bekymra for profilen til huset.
– Folk spør seg kven sitt hus det blir. Det
ser ut til at ungdomane og BIKS får ulike dagar i veka,
men kafeen vil framleis berre være for dei unge, seier
Tysnes. – Studentorganisasjonane har ikkje vært
vår målgruppe, men det er klart at dei har tilført
ungdomane mykje i sitt nærvere, seier ho. Ho legg ikkje
skjul på at det blir svært trongt med heile BIKS
i same hus. Noko vidare kamp mot kommunen har ho derimot ikkje
planar om.
– Nei avgjersla ligg hos Byrådet, ikkje her på
huset, seier Tysnes.
Det lukkast ikkje Studvest å komme i kontakt med ansvarleg
byråd, Henning Warloe (H).
|