Dørum forsvarer overvaking
Justisministaren meiner hysjpolitiets registrering
av utanlandske studentar er heilt ålreit. – Skuffande,
seier stortingsrepresentant Rune Skjælåen (Sp).
ØYVIND LEFDAL EIDSVIK oyvind@studvest.no
I Stortingets spørretime førre
onsdag måtte justisministar Odd-Einar Dørum svare
på kvifor Politiets tryggingsteneste (PST) har registrert
lange lister over utanlandske studentar.
Med diplomatiske vendingar gav Dørum uttrykk for at
registreringa var naudsynt. Noreg er mellom anna forplikta
av internasjonale avtalar til å halde oversikt over
potensielle trugsmål.
Det svaret er ikkje spørsmålstillaren nøgd
med. Stortingsrepresentant Rune Skjælåen (Sp)
er skuffa over Dørums manglande innrømmingar.
SVARET SKUFFAR
– Eg rekna med at Dørum ville be PST om å
endre rutinar, til dømes å hente slike lister
frå andre plassar, seier Skjælåen. Både
Sp og SV si stortingsgruppe har kritisert etterretningsiveren
til PST.
Etter fleire oppfølgingsspørsmål frå
Skjælåen svarte også Odd-Einar Dørum
på kvifor berre studentar frå land utanfor EU
og Nord-Amerika er etterspurde.
– Dette dreier seg ikkje om å registrere folkegrupper,
men om å ha ein generell kunnskap. PST har uttalt at
dei fokuserer på land utan aktivt tilhøve til
internasjonale avtaler.
KONTROLL TIL PÅSKE
Kontrollorganet til tryggingstenesta, EOS-utvalet, har allereie
starta å handsame saka, men vil ikkje meine noko om
saka før årsrapporten er offentleggjort. Det
skjer fyrst ved påsketider. Før den tid vil Justisdepartementet
svare SV-medlemmane i Stortingets kontrollkomité. Leiar
i komitéen, Ågot Valle, har tidlegare til Studvest
karakterisert PST sin oppførsel som gufs frå
Aust-Tyskland.
Odd-Einar Dørum var diverre ikkje tilgjengeleg for
kommentar.
|